Romain Barras (fødd 1.
august">1. august 1980) er ein fransk tidlegare mangekjempar frå Calais. Han vart i 2010 europameister i tikamp.
Romain Barras | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 1. august 1980 (43 år) Calais |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Barras vann i 2003 tikampen Universiaden i Daegu med personbeste 8 196 poeng. Året etter vart han nummer 13 i Sommar-OL 2004 i Aten med sine 8 067 poeng. I 2005 deltok han i fem tikamp-tevlingar og sanka over 8 000 poeng i alle. I Angers vart han fransk meister for fyrste gong, medan han i VM i friidrett 2005 i Helsinki enda han med 8 087 poeng på sjuandeplass. Dei neste sesongane vart han nummer 8 i Göteborg-EM 2006 med 8 093 poeng og nummer 7 i Osaka-VM 2007 med 8 262 poeng. Sommaren 2008 vart han femtemann under Sommar-OL i Beijing med 8 253 poeng.
Etter tolvteplass med 8 204 poeng i verdsmeisterskapen 2009 i Berlin, forbetra han sitt personbeste til 8 313 poeng i juni 2010.Ved EM i friidrett 2010 i Barcelona låg han før den avsluttande 1500-meteren 5 poeng over nederlendaren Eelco Sintnicolaas. Sintnicolaas låg i rygg på Barras gjennom løpet, heilt til Barras spurta i frå på oppløpssida og vann gullmedaljen på livsbeste 8 453 poeng. Sidan vart han nummer 11 i Daegu-VM 2011 og nummer 6 i EM i friidrett 2016 i Amsterdam.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Romain Barras, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.