Rock Hudson (17.
november">17. november 1925–2. oktober 1985) var ein amerikansk filmskodespelar, opphavleg kalla Roy Harold Scherer Jr.
Rock Hudson | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 17. november 1925 Winnetka |
Død | 2. oktober 1985 (59 år) |
Yrke | fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, teaterskodespelar, skodespelar, HIV/AIDS activist, militær |
Språk | engelsk |
Høgd | 196 centimeter |
Politisk parti | California Republican Party |
Ektefelle | Phyllis Gates |
Rock Hudson på Commons |
Som ung tenestegjorde Scherer som flymekanikar på Filippinane under andre verdskrigen. I 1946 drog han til Los Angeles for å prøva å bli skodespelar. Han ikkje kom inn på dramalinja ved University of Southern California, men medan han arbeidde som lastebilsjåfør møtte han tilfeldigvis talentspeidaren Henry Willson, som blei agenten hans. Willson føreslo artistnamnet hans, «Rock» frå Rock of Gibraltar og «Hudson» etter Hudson-elva.
Hudson var mykje likt på 1950- og 1960-talet, og blei Oscar-nominert i 1956 for rolla i filmen Giganten. I 1960-åra medverka han i fleire komediar der han spelte mot Doris Day. Han spelte også i thrillerar, ein western med John Wayne, og i filmatiseringa av Hemingway-romanen Farvel til våpnene. På 1970-talet spelte han inn fleire fjernsynsfilmar. Den siste rolla hans var i såpeoperaen Dynastiet.
Hudson var homofil, noko som passa dårleg inn for ein svært «mannleg» skodespelar i Hollywood på stordomstida hans. Hudson og Willson klarte å skjula legninga gjennom heile karrieren hans. I 1955 gifta Hudson seg med sekretæren til Willson, Phyllis Gates, men dei skilde seg etter tre år.
På 1980-talet skranta både helsa og karrieren til Hudson. Hjarteproblem og ein operasjon førte til at det nystarta fjernsynsshowet hans, The Devlin Connection, måtte utsetjast og seinare blei tatt av lufta. I 1984 fekk han diagnosen HIV, men sjukdommen blei halden hemmeleg og i staden kalla kreft heilt til Hudson sjølv stod fram og fortalde at han heldt på å døy av AIDS i juli 1985. Han døydde i oktober det året. Ved å stå fram offentleg og gje den tabubelagte sjuka eit ansikt, skapte Hudson ein mediestorm og endra synet på sjukdommen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rock Hudson, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.