Raymond Thornton Chandler (23.
juli">23. juli 1888–26. mars 1959) var ein amerikansk forfattar, best kjend for dei «hardkokte» krimforteljingane om privatdetektiven Philip Marlowe.
Raymond Chandler | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 23. juli 1888 Chicago |
Død | |
Yrke | manusforfattar, romanforfattar, skribent, lyrikar |
Språk | engelsk |
Ektefelle | Cissy Pascal |
Raymond Chandler på Commons |
Chandler var fødd i Chicago i USA men hadde irsk mor, og han budde med henne i England mellom 1896 til 1912. Her utdanna han seg innan klassiske språk. Under første verdskrigen tenestegjorde han først for den kanadiske hæren og seinare for det britiske luftvåpenet.
Etter krigen gjorde han godt arbeid som oljedirektør i California, fram til den store depresjonen. Han mista jobben i 1932 for alkoholbruk og forsømming, og prøvde seg deretter som forfattar. Han fekk gjeve ut den første novella si i bladet Black Mask. Frå 1943 var han manusforfattar i Hollywood.
Medan Chandler skreiv innan ulike sjangrar er han blitt best kjend for novellene og romanane sine om Philip Marlowe, ein vanskelegstilt, men ærleg privatdetektiv i eit brutalt Los Angeles. Alle romanane Chandler gav ut, var om Marlowe, og bygde gjerne på tidlegare noveller. Dei er blitt rekna som klassikarar innan krimsjangeren, og er blitt knytt til film noir-sjangeren gjennom kjende filmatiseringar.
Raymond Chandler døydde i La Jolla i California.
Philip Marlowe-serien
Manus(ufullstendig)
| Noveller
|
|
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Raymond Chandler, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.