Pátmos

Pátmos (gresk Πάτμος) er ei øy i Hellas og den nordlegaste øya i Dodekanesane i Egearhavet.

Ho har om lag 3 000 innbyggjarar og eit areal på 34,6 km². Det høgaste punktet er Profítis Ilías på 269 moh.

Pátmos
Lokalt namn Πάτμος
Skála på Pátmos
Skála på Pátmos
Geografi
Pátmos
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°19′N 26°30′E / 37.317°N 26.500°E / 37.317; 26.500
Øygruppe Dodekanesane

Areal 34,6 km²

Høgaste punkt Profitis Ilias (269 moh.)

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Kálymnos
Største busetnad Pátmos (541 innb.)

Demografi
Folketal 3 047 (2011)
Folketettleik 67,7 /km²

Pátmos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kálymnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Kálymnos er hovudstad i periferieininga.

Dei største landsbyane på øya er Khóra eller Pátmos (hovudbyen) og Skála, den einaste kommersielle hamna. Andre landsbyar er Gríkos og Kámbos. Aust for Pátmos ligg øygruppene Arkí, som høyrer til Pátmos kommune, og Lipsí, som er eigen kommune.

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Pátmos 3 047 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 541 innbyggjarar.

Pátmos er mest kjend for å vere nemnd i Johannes' openberring, og forfattaren apostelen Johannes var i eksil på Pátmos då han skreiv boka. På grunn av dette har Pátmos vore ein kristen pilegrimstad. Pilegrimar og turistar kan sjå grotta der Johannes fekk openberringa si. Fleire kloster på øya er tileigna Johannes.

Sommaren 2006 vart det historiske sentrumet på øya (Khóra) med St. Johannes-klosteret og openberringsgrotta ein del av UNESCO si verdsarv.

Historie

Øya vart styrt av tyrkarane i mange år. Pátmos vart erobra av italienarane i 1912 under den tyrkisk-italienske krigen. I 1915 vart Pátmos framleis under italiensk kontroll. Pátmos vart avstått til Hellas etter den andre verdskrigen.

Pátmos er i dag ein turistattraksjon på grunn av dei naturskjønne omgivnadane og dei religiøse heilagdomane.

Byar og tettstader

Byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011
Skála 1 747
Kámbos 633
Pátmos (Khóra) 541
Grígos 77
Arkí 44

Småøyar i kommunen:

  • Arkí (44)
  • Maráthi (5)
  • Aváptistos (0)
  • Ajía Thékla (0)
  • Ájos Jeórjos (0)
  • Agreloússa (0)
  • Anýdro (0)
  • Kalóvolos (0)
  • Kómaros (0)
  • Makronísi (0)
  • Nerá (0)
  • Petrokáravo (0)
  • Skláves (0)
  • Syneronísi (0)
  • Spathathonísi (0)
  • Strongyló (0)
  • Tragonísi (0)
  • Tsoúka (0)
  • Tsoukáki (0)
  • Khiliomódi (0)
  • Psathonísi (0)

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kjelde


Tags:

Pátmos HistoriePátmos Byar og tettstaderPátmos ReferansarPátmos BakgrunnsstoffPátmos KjeldePátmosDodekanesaneEgearhavetGreskHellas

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Naruhito av JapanKyivBrahmiskriftUigurarSnønipaUTCShaanxiPolenGoogle ChromeLourdesTsjekkoslovakiaNordahl Grieg videregående skoleCosta RicaSaltRussisk salatURLStatueEurovision Song Contest 1985AserbajdsjanSjøløverJerpeTorpoTysdagÅrhusHuset BourbonFilmserien OlsenbandenIsraelHeimehjelpJohannespasjonen av BachÁrgosLohengrin sjokoladeEuropaVest-TysklandFrøOffisielt språkVM i fotball 2022Burmesiskw1p04ApeVaskebjørnTønsberg kommuneOpplettSaint-DizierArena BirminghamLeonid BrezjnevVictoria av StorbritanniaKulturrevolusjonenNy-CaledoniaVladimir PutinJesu sju ord på krossenNord-AmerikaOlav II av NoregDiskografien til QueenMusikkgruppa BlondieMargrete ValdemarsdotterDavid Ben-GurionVålerenga IshockeyEngelskDen industrielle revolusjonenA Short HikeBarriemore BarlowTorstein FlakneMark KnopflerDet osmanske riketThe HolliesKristian Fredrik av NoregDen siste nattverdenThe Daily TelegraphOn the NightSpeleautomatMiddelhavetHjortetakksaltHøgaste fjell i EuropaGammel drømLondonPéllaKristopher SchauIltalehti🡆 More