Pyroklastisk straum (av gresk pyro- og «isundbroten»), òg kalla nuée ardente, er ein tettleiksstraum av pyroklastisk materiale, ei blanding av ofte særs varme gassar og partiklar som vert utstøytt ved visse typar vulkanutbrot.
Straumen flyttar seg særs raskt nedover i terrenget og er derfor særs farleg for omgivnadane. Pyroklastiske bergartar vert avsett der straumen stoppar opp. I permtida vart det danna slike i Oslofeltet, t.d. lathusporfyren ovanom Sørkedalen.
Eit kjent døme er frå vulkanen Montagne Pelée på Martinique, som under utbrotet i 1902 øydela byen Saint-Pierre og tok livet av 30 000 innbyggjarar i byen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pyroklastisk straum, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.