Pierre André Latreille (20.
november">20. november 1762–6. februar 1833) var ein fransk entomolog. Han beskreiv ei rekkje ulike grupper, både av insekt, krepsdyr og edderkoppdyr, for første gong, og mykje av dette arbeidet er gyldig den dag i dag.
Latreille vart fødd i fattige tilhøve og vart tidleg foreldrelaus. I 1778 tok han til å studera teologi i Paris, og i 1786 vart han prestevigd. Han reiste så attende til heimstaden Brive-la-Gaillarde for å praktisera der, og brukte all fritida si på å studera insekt. I 1788 flytta han derimot til Paris og vart aktiv i vitskapsmiljøet der, og med Mémoire sur les mutilles découvertes en France, ein tekst om kvefsefamilien Mutillidae, fekk han innpass i det franske Selskapet for Naturhistorie.
I revolusjonsåra forlet han byen, og seinare vart han sett fange i Bordeaux. I 1796 publiserte han Précis des caractères génériques des insectes, disposés dans un ordre naturel i Brive.
I 1798 fekk han oppgåva å organisera dei entomologiske samlingane ved Muséum National d'Histoire Naturelle i Paris; i 1814 vart han medlem av det franske vitskapsakademiet, og i 1821 vart han slått til riddar av æreslegionen. Han var òg professor i zoologi ved veterinærskulen på Alfort nær Paris. Då Jean-Baptiste Lamarck døydde i 1830, vart han vald ut til å overta halvparten av professoratet i virvellause dyr; han fekk hovudansvaret for leddyr, medan Henri Marie Ducrotay de Blainville fekk ansvaret for blautdyr, mark, koralldyr osb.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pierre André Latreille, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.