Persevs

Persevs (gammalgresk Περσεύς, Perseús) var i gresk mytologi son av guden Zevs og Danaë, ei argeisk prinsesse som var dotter av kong Akrisios.

Persevs
Persevs
Persevs og Andromeda på ein gresk vase.
Tittelking of Mycenae, king of Argos, king of Tiryns
Opptrer iMetamorfoser
Identifisert medQ3476559
MorDanaë
FarZevs
EktefelleAndromeda
BarnGorgophone, Perses, Alcaeus, Elektryon, Heleus, Mestor, Autochthe, Cynurus, Sthenelus, Erythra, Erythras
Persevs
Persevs held hovudet til Medusa.

Fødd som ein halvgud

Kongen lét dotter si Danaë låsast inn i eit tårn for å unngå ein profeti om at han ville bli drepen av guten som skulle bli fødd av Danaë. Zevs besøkte henne i form av eit gylle regn og dermed vart Persevs fødd.

Redd for at profetien framleis kunne gå i oppfylling, plasserte Akrisios dottera og barnebarnet i ein trekasse som han kasta på havet. Under vern av Zevs stranda dei på øya Serifos, der Persevs voks opp blant fiskarar.

Kampen mot Medusa

For å møta ei utfordring utskriven av rivalen sin Polydektes under ein bankett, la Persevs ut for å drepa den einaste dødelege gorgona, Medusa.

For oppdraget sitt fekk han guddommeleg hjelp frå Hermes og Atene og magiske gjenstandar: kuneaen eller hjelmen til Hades, som gjer beraren usynleg, eit par sandalar med venger som lèt beraren fly i lufta og ein bag (kibisis) han kunne ha hovudet til Medusa i. For å unngå det forsteinande blikket til gorgona brukte han skjoldet sitt som ein spegel og skar av hovudet hennar. Blod strøymde inn i Okeanos-havet. Dette gav opphav til hesten Pegasus og den kjempa Krysaor med gullsverdet.

Frigjeringa av Andromeda

På veg heim gjekk han gjennom Aethiopia, der han møtte prinsesse Andromeda, som skulle overleverast til eit sjømonster som straff for mora Kasiopeia sine uforsiktige ord om døtrene til Poseidon. Persevs frigjorde Andromeda og gifta seg med henne.

Tilbake i Serifos tok han hemn på Polydektes, som hadde freista å valdta mora Danaë. Deretter drog han med Andromeda til heimlandet Argos, som Akrisios hadde flykta frå av frykt for profetien for å søka tilflukt i Larisa.

Oppfyllinga av profetien

No hadde kongen av denne byen gravferdsleikar der Persevs deltok. Ved å kasta ein diskos drap han ved eit uhell Akrisios, som deltok på hendingane som tilskodar. Profetien vart oppfylt. Av respekt for den døde bestefaren sin valde han å ikkje styra Argos, etter å ha drepe den førre kongen. Han bytte derfor riket til Tiryn, der Megapentes var konge. Her grunnla han byane Mykene og Midea.

Kjelder

Persevs  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Persevs Fødd som ein halvgudPersevs Kampen mot MedusaPersevs Frigjeringa av AndromedaPersevs Oppfyllinga av profetienPersevs KjelderPersevsGresk mytologiZevsÁrgos

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Fylkesveg 751KarikaturSlaveAlpin tundraBieColombiaPeriferieininga ÁrtaSilkehegreApeManuel ChrysolorasVerdas landSau27-årsklubbenSki-VM 2019BlandingSaksofonUrinsyregiktIngvild KjerkolMrs. RobinsonFriluftslivVoss heradEyvind JohnsonSlaget om StalingradClaudio MonteverdiFársalaRonja RøverdatterNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973Henning SolbergDen amerikanske sjølvstenderesolusjonenNasjonalplantarVik kommuneEinar SagstuenJolene av Dolly PartonKolonialhandelVM i skiskyting 1999ElbaHåvard RemSpekkhoggarTamreinMadeiraSilvevHundDet norske alfabetetVinter-OL 1988Norsk folkedansØyvind AlsakerTidvatnBjörn SkifsJuhani JärvinenPedro I av BrasilMesonKjerringa med stavenBerlinblokadenAndreas BlochKvartalPave Johannes Paul IToy Story 2Sagaen om IsfolketFuruBill ChamplinListe over primtalSiderProfessor emeritusVestmannaeyjar lufthamnLike-til-likeHomogeniseringHTMLVerdas skriftsystemPeter GabrielEdderkoppar i kulturenRabagastGiroCC AmfiLuganoHendingsrandVerdas bokdag🡆 More