Pengesetel

Pengesetel er eit betalingsmiddel i form av ein papirlapp av ein fastsett storleik og kvalitet, og med eit fastsett motiv, vanlegvis trykkja i store serier på eit trykkjeri etter autorisasjon av styresmaktene.

Saman med myntar går setlar under nemninga kontantar eller pengar. Dei kan brukast ved kjøp og sal, og er upersonlege i den meininga at alle som hovudregel har rett og plikt til å gjere opp med pengesetlar i handel og andre økonomiske tilhøve. Men når det gjeld store summar er det vanleg, og i somme høve naudsynt, å nytta andre framgangsmåtar enn å betale med kontantar, og for folk flest har dessutan elektroniske betalingsordningar erstatta kontantar i dei fleste daglege små og store transaksjonane.

Pengesetel
Pengesetlar for valutaen euro.

Både private og offentlege bankar kan utskrive pengesetlar etter visse reglar. I moderne tid blir likevel pengesetlar så godt som utelukkande skrive ut av statlege sentralbankar, som t.d. Noregs Bank eller Bank of England, og slike setlar gjeld som betalingsmiddel i alle bankar og forretningar i det aktuelle landet.

Dei fleste pengesetlar inneheld tryggingstiltak for å forhindre forfalsking, blant anna kopartrykk, vassmerke og ultrafiolette merke.

Historie

Opphavleg var pengar synonymt med myntar, og verdet av pengar vart avgjort av materialen dei var laga av, først og fremst gull eller sølv, og mengda av dette. Fordi det er tungvint og farleg å frakte større mengder edelt metall og fordi det til tider var mangel på edelt metall til mynt, byrja ein å skrive ut garantibrev, normalt i form av ein lovnad om ved forespørsel å utbetale ei viss mengd edelt metall som var lagra ein nærare angjeven stad.

Pengesetel 
Kinesisk engesetel frå Song-dynastiet.

Dei eldste pengesetlane som er kjent vart skrive ut i det 600-talet i Kina. Før dette finn ein òg garantibrev, men desse var personlege og kunne dermed berre unntaksvis brukast direkte som betalingsmiddel. Etter kvart vart garantibreva upersonlege, slik at dei kunne brukast som betalingsmiddel som var gyldige innanfor eit angjeve område eller i ein spesiell bank.


Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Pengesetel HistoriePengesetel Sjå ògPengesetel KjelderPengesetel BakgrunnsstoffPengesetelBetalingsmiddelMyntPapirTrykkjeri

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KasakhstanOslo kommuneKristian ØdegårdLagerthaDet argentinske kvinnelandslaget i fotballErik SolbakkenKielkanalenGallo pintoMark KnopflerBangladeshHardangerBjørn EidsvågNon1965BravoCalling ElvisKnut den mektigeInstagramGoogle MapsAurgjeldingTerry WilliamsPedro I av BrasilTreriksrøysaDire Straits av Dire StraitsFrankrikeSamuel WennbergLudwig van BeethovenVierfamilienArne DokkenI Feed You My LoveMarina KiehlNovo Selo i regionen SøraustLundefuglIndonesiaLuhansk oblastEEuphoria av LoreenHollandGrunnstoffliste etter namnNasjonalrettStrilAnne HoltFilippinanePåskeHarpeMusikkgruppa BlondieSkýdraArménioOmanNéa ZíkhniGaupePåskeprosesjonFranklin D. RooseveltAn-MagrittKusymreKolibriarMenneskeanatomiJoakim Harestad HaukaasHalle BerryListe over primtalDen generelle relativitetsteorienWhat It Is av Mark KnopflerGjærHovudsideLill LindforsAndre verdskrigenAnders HovdenYou and Your FriendHinduismenBob MarleyGentooSunnhordlandske ord og vendingar🡆 More