Firdausi: Iransk skribent og poet

Abu'l-Kasim Mansur Firdausi (ca. 935–ca. 1020), ofte kalle berre Firdausi, var ein persisk diktar, kjend for nasjonaleposet Shahname, Den iranske kongeboka.

Firdausi
Firdausi: Iransk skribent og poet
Statsborgarskap Samanid Empire, Ghaznavid
Fødd 940
Tus
Død

1020
Tus

Yrke lyrikar, skribent
Religion Sjiaislam
Firdausi på Commons

Bakgrunn

Firdausi blei fødd rundt 935 i landsbyen Vazh nær Tus i Khorasan aust i noverande Iran. Han høyrde til den iranske landadelen (dihqan), og åtte ein mindre landeigedom.

Firdausi: Iransk skribent og poet 
Firdausi og hoffdiktarane til Mahmud av Ghazni. Illustrasjon av Aga Mirek Isfahani frå rundt 1532.

Sjela til diktaren finn glede når tale blir sameint med vit.

Firdausi
Den iranske kongeboka
Firdausi: Iransk skribent og poet 

Firdausi blei opphavleg kalla Abu'l-Kasim Mansur. Firdausi var forfattarnamnet hans, Tilnamna Tusi eller Khorasani viste til at han kom frå Tus og Khorasan. Hakim, 'doktor', er ein ærestittel som tidvis er blitt sett framfor namnet hans.

Firdausi byrja på storverket sitt om lag 975-6 og avslutta det truleg i 1009/10. Han skreiv med støtte først frå lokal adel, seinare frå sultan Mahmud av Ghazni, som han tileigna eposet til. I følgje Firdausi sjølv og fleire mindre sikre soger gav ikkje sultanen han god nok løn for verket. Firdausi døydde på 1020-talet, fattig og vonbroten.

Kongeboka hans er eit verk på over 50 000 dobbeltvers som gjev eit oversyn over persisk historie frå urtida til den arabiske invasjonen. Firdausi sameinte ei rekkje eldre verk, både folkedikting, soger og verk av Dakiki, til ei nasjonal soge. Det var viktig for han og mange samtidige å ta vare på og vera stolt av den persiske kulturen, også den før-muslimske, i ei tid då han var pressa av arabisk muslimsk kultur.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Firdausi: Iransk skribent og poet  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Firdausi
Firdausi: Iransk skribent og poet  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Firdausi


Tags:

9351020Den iranske kongeboka

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

NihilismeSikhismenSosialistNo-dramaMånenYuan-dynastietKleopatraJorvikAsbjørnsen og MoeNasjonalrettMahatma GandhiSirkelLufttrykkBuParisTermisk diffusivitetHarald EiaSauOksygenSionistBiologisk familieKoparTutrakanSpedbarnJonas Gahr StøreRichie FaulknerDiktOperativsystemMaiken Caspersen FallaTonsillHaikuRSSIngrid Alexandra av NoregØresundbruaDet norske flaggetHovudsideKardítsaWienerklassisismenBrennverdiLinn UllmannBloggAndSymbol i hinduismenLondonMuscat guvernementDet internasjonale fonetiske alfabetetErik AndersenEikefjordOslo kommuneSofádesBjørnøyaSigmund FreudVerktøyet filHardy-gutteneEikefjord idrettslagNordfjordeidPolarlysKjemisk formelAsh Sharqiyah-regionen i OmanPakistanFørste maiAlexander KiellandAtle HansenSovjetunionenLVersaillestraktatenBrasil🡆 More