Tus er ein gammel by i den iranske provinsen Razavi Khorasan.
Tus ligger i nærleiken av storbyen Mashhad, ein av dei viktigaste religiøse stadene innan sjiaislam.
Tus توس / طوس | |||
by | |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Fylke | Razavi Khorasan | ||
Tus 36°29′10″N 59°31′03″E / 36.486138888889°N 59.517555555556°E | |||
Wiki Commons: Tus, Iran | |||
Byen var kjend som Susia (Σούσια) for dei gamle grekarane. Han blei hærteken av Aleksander den store i 330 f.Kr.
Han blei teken av omajjadekalifen Abd al-Malik og blei verande under omajjadekontrol fram til 747, då ein underordna av Abu Muslim Khorasani nedkjempa omajjadeguvernøren under Abbasideoppreisten. I 809 blei abbasidekalifen Harun al-Rashid sjuk og døydde i Tus medan han var undervegs for å få slutt på uroa i Khorasan. Han er gravlag i området.
I 1220 blei Tus plyndra og øydelagd under den mongolske leiaren Subutai. Eit år etter drap Tolui og styrkane hans størsteparten av innbyggjarane, og øydela grava til Harun al-Rashid. Fleire tiår seinare blei byen gjennoppbygd under guvernøren Kuerguez.
Byen er best kjend som opphavsstaden til diktaren Abu l-Qasim Firdausi (død ca. 1020), som stod bak det monumentale persiske nasjonaleposet Sjāhnāmeh, eller Den iranske kongeboka. Den betydelege islamske lærde Abu Hamid Muhammad al-Ghazali kom også herfrå, fødd her i 1058. Andre større personar frå Tus er Asadi Tusi (død 1072), Sharaf al-Din al-Tusi (død 1213) og Nasir ad-Din at-Tusi (død 1274).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tus, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.