Parisavtalen

Parisavtalen er ein internasjonal klimaavtale som vart vedteken den 12.

desember 2015 på FNs klimakonferanse 2015 i Paris. Avtalen består av føresegner for mellom anna reduksjonar i utslepp av drivhusgassar, klimatilpassing og støtte til omstilling i utviklingsland. Nesten alle land i verda har slutta seg til avtalen. Kjernen med denne avtalen er at landa plikter å redusera sine klimagassutslepp, slik at den globale temperaturen ikkje overstig 2 ℃, men helst ikkje over 1,5 ℃.

Parisavtalen
██ Medlemer. ██ Land som har signert. ██ Medlemer òg omfatta av EU-ratifisering.
Parisavtalen
Delegasjonsleiarane ved klimatoppmøtet i Paris.

Ratifisering

Den 22. april 2016 – på Jordas dag – var avtalen skriven under av 175 land i New York. Både Kina og USA kunngjorde at dei ratifiserte avtalen i september 2016. Då EU ratifiserte avtalen i oktober 2016, var han ratifisert av meir enn 55 land med ein utsleppsdel på 55% av dei globale utsleppa. Avtalen i sin heilskap byrja offisielt å gjelda frå 4. november 2016. Ved mai 2017 var avtalen skriven under av alle medlemslanda til Klimakonvensjonen med unntak av Nicaragua og Syria. I oktober 2017 slutta Nicaragua seg til avtalen, og under andre dag av COP 23 i Bonn i november 2017 kunngjorde Syria at landet ville slutta seg til avtalen. Syria skreiv under avtalen november 2017.

USA

Ved presidentvalet i USA i 2016 gjekk Donald Trump til val på at han ville trekkja USA frå Parisavtalen, og 1. juni 2017 vart det kunngjort at USA trekte seg offisielt frå avtalen. Avtalen var utforma slik at han byrja å gjelda frå 4. november 2020. Då Joe Biden vart valt til president nokre år seinare var ein av hans fyrste avgjerder etter innsetjinga den 20. januar 2021 å ratifisera avtalen att på vegner av USA. USA vart med i avtalen att 19. februar 2021, etter at landet hadde vore utanfor avtalen i 107 dagar.

Parisavtalen 
Den dåverande amerikanske utanriksministeren, John Kerry, med barnebarnet sitt signerte Parisavtalen på vegner av USA.
Foto: U.S. Department of State

Innhald

Målsetjing

Målet med avtalen er at dei globale utsleppa snøggast mogleg skal søkka.

Føremålet med avtalen er å:

  1. halda auken i den globale gjennomsnittstemperaturen godt under 2 ℃ samanlikna med førindustrielt nivå og ynskja å avgrensa temperaturauken til 1,5 ℃;
  2. auka evna til å tilpassa seg klimaendringane og fremja klimarobustheit og ei lågutsleppsutvikling, på ein måte som ikkje set matproduksjonen i fare;
  3. gjera finansieringsstraumar samsvarande med ein klimarobust lågutsleppsutvikling.

I andre halvdel av hundreåret er det eit mål om netto nullutslepp, som tyder at menneskeskapte utslepp ikkje skal vera større enn det naturen greier å taka opp av klimagassar.

Utforming

Kvart einskild medlemsland styrer utsleppsmåla sine sjølv ut frå kva dei sjølv meiner dei kan bidraga med. Til dømes er målet til Noreg å redusera CO2-utsleppa sine med minst 50 % innan år 2030, og helst 55% i høve til år 1990. I 2015 hadde reduksjonsmålet vorte sett til 40%, men det vart forhøgt i 2020.

I Parisavtalen er alle dei ulike utsleppsmåla summerte opp og vert omtalte som éin avtale. Kvar einskild stat skal oppdatera måla sine kvart femte år.

Plikter

For å kunne nå målsetjinga om å avgrensa oppvarminga til under 2 ℃, har statane igjennom avtalen forplikta seg til å yrkja for at dei globale klimagassutsleppa skal stansa å stiga så snart som mogeleg. Avtalen fastslår også at alle land er forplikta til å utarbeida nasjonale utsleppsmål som dei skal streva etter å oppnå. Nivået for utsleppsmåla fylgjer likevel ikkje av avtalen, men vert fastsett av landa sjølv enkeltvis. Ifylgje «progresjonsprinsippet» skal innsatsen til partane auka over tid og reflektera den høgast mogelege ambisjonen i landet. Utsleppsmåla til statane skal vidare oppdaterast kvart femte år.

Denne femårssyklusen vert definert i hovudsak av artikkel 13 og 14 i avtalen. Artikkel 13 bind partane til å rapportera informasjon om progresjonen sin i å nå dei lova målsetjingane sine, og jf. artikkel 14 skal ein gjennomføra ei «global oppteljing» («global stocktake») som skal informera om i kva grad planane og implementeringa til partane samsvarer med det kollektive målet til Parisavtalen. I den «globale oppteljinga» skal også innsatsen til partane for klimatilpassing og finansiell støtte til utviklingsland verta evaluert. Når det gjeld byrdefordeling inkluderer avtalen eit prinsipp om «felles, men differensiert ansvar i ljos av nasjonale omstende». Dette inneber mellom anna at dei såkalla «industrialiserte» landa skal taka leiinga når det gjeld utsleppsreduksjonar, og i tillegg bidraga med støtte til «utviklingslanda» si implementering av Parisavtalen. På dette punktet er Parisavtalen meir vagt enn Kyotoprotokollen og Klimakonvensjonen, då Parisavtalen ikkje seier noko om kva land som tel som «industriland» og «utviklingsland». Det har difor vorte føreslege i litteraturen at spurdagen om differensiering framleis vil vera sentralt i framtidige forhandlingsrundar. Parisavtalen inneheld også føresegner om klimafinansiering til utviklingsland, om utvikling og bruk av marknadsmekanismar, om teknologioverføring, kapasitetsbygging og om at globale finansstraumar skal gjerast samsvarande med ein klimarobust lågutsleppsutvikling.

Parisavtalen har mellom anna vorte brukt som argument for at land har folkerettslege forpliktingar, og difor må redusera fossile utslepp, som ved leiting etter og utvinning av hydrokarbon i Barentshavet. Ifylgje tidlegare ambassadør til FN, Morten Wetland, er dette rangt. Han meiner Parisavtalen med hensikt er svært laust formulert, mellom anna er det medvite valt ordet avtale, og ikkje konvensjon eller traktat.

Oppfylging

I 2021 publiserte Det internasjonale energibyrået (IEA) ein rapport om korso verda kunne nå målet i Parisavtalen om maksimalt 1,5 ℃ oppvarming. Mange land har sagt dei skal nå målet, men har ikkje teke i bruk dei tiltaka som gjer dette mogeleg. Blant tiltaka i rapporten til IEA er at ein utan opphald må stansa investeringar i nye felt eller gruver for utvinning av fossil energi og like eins med nye kolkraftverk. I samsvar med rapporten skal det i 2035 vera slutt på å selja passasjerbilar med forbrenningsmotor.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Parisavtalen  Commons har multimedium som gjeld: Parisavtalen

Tags:

Parisavtalen RatifiseringParisavtalen InnhaldParisavtalen UtformingParisavtalen PlikterParisavtalen OppfylgingParisavtalen KjelderParisavtalen BakgrunnsstoffParisavtalenDrivhusgassParis

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Gud signe maten på vårt bordMidsommarWattensHarald EiaJordskorpeplateSjuårskrigenVM i fotball 2022KrøllalfaHypertrofiDas KapitalNorske kommuneblomarMagnetisk feltstyrkeIranProduksjonIolkósHasardFørste maiPeter GabrielStore norske leksikonBjørnAlta-Kautokeino-vassdragetMartin ØdegaardEikefjordStrategispelMoldaviaNorsk fonologiStareBlåmannImplisitt og eksplisitt funksjonVerdas lengste skihoppNato-alfabetetTalordTwitterDet internasjonale fonetiske alfabetet24. aprilHinduismenFlåten til Det Bergenske DampskibsselskabUbehaget i kulturenChristianiaPalamásKleopatraLufttrykkNazismeTønsberg kommuneKyprosFranskKlima i Nord-AmerikaByar i OmanTermisk diffusivitetNyrekapselPungrevWikiCarl XVI Gustaf av SverigeVulkanar i ItaliaFriksjonKalambákaVictoria av SverigeBo WiderbergInternasjonalenPilGulTidvatnØystein SundeVik kommuneOrKvitveisMalariaSyndikalismeE-postKirkeristenMarit BjørgenGeostasjonær bane🡆 More