Paolo Cesare Maldini (fødd 26.
juni">26. juni 1968) er ein italiensk tidlegare fotballspelar, fødd i Milano. Heile sin 24-år lange karriere spela han for AC Milan, ein klubb han vann sju sju italienske seriemesterskap, to europacup-finalar, tre meisterliga-titlar og eitt italiensk cupgull med. I alt spelte han åtte finalekampar i Europacupen og Meisterligaen, samt tre finalar i den italienske cupen.
Paolo Maldini i 2008 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødselsdato | 26. juni 1968 (55 år) | ||
Fødestad | Milano i Italia | ||
Høgd | 187 cm | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Nummer | 3 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1985-2009 | Milan | 647 | (29) |
Landslag | |||
1988-2002 | Italia | 126 | (7) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Maldini vert rekna for å ha vore ein av dei beste forsvarsspelarane i fotball nokon gong. I sine yngre år spelte han venstreback, etter kvart vanlegvis som midtstoppar. Han kom på andreplassen i FIFA si kåring av årets spelar i verda. Far hans, Cesare Maldini, var ei tid italensk landslagstrenar.
Maldini debuterte for AC Milan som 16-åring, 20. januar 1985, og fekk fast plass på fyrstelaget sesongen etter. I 1988 var han med på å sikre Milan meistertrofeet i Serie A. Sesongen etter spela klubben seg fram til siger i Europacupen 1989, ein triumf som vart gjenteken i 1990. Med spelarar som nederlendarane Marco van Basten, Ruud Gullit og Frank Rijkaard, samt Maldinis eigne landsmenn Franco Baresi og Alessandro Costacurta, framstod Milan som den tids beste klubblag i Europa.
Åra 1992 til -94 vann Milan tre strake seriegull i Italia, ein treårsperiode som vart krynt med at laget vann Meisterligaen i 1994. Året i førevegen hadde klubben tapt den aller fyrste finalen i den nye turnerneringa, som kom i staden for Europacupen. I 1995 nådde Milan finalen i Meisterligaen for tredje året på rad, der Ajax vann 1-0.
Maldini vart italiensk seriemeister for sjette gong i 1999. Fire år seinare var han med på Milans dobbeltriumf, fyrst då han vart italiensk cupmeister for fyrste gong, sidan då Milan tok sitt andre trofe i Meisterligaen etter å ha vunne ein mållaus finalekamp mot Juventus etter straffeskyting. I 2004 vann Maldini sin sjuande og siste seriemeisterpokal. Etter å ha tapt finalen i Meisterligaen 2005 mot Liverpool FC, der Maldini opplevde si svartaste stund som Milan-spelar, fekk både han og klubben revansje mot nettopp Liverpool i Meisterliga-finalen 2007 med 2-1.
Maldini spelte sin siste offisielle kamp for Milan borte mot Fiorentina på Stadio Artemio Franchi i Firenze 31. mai 2009, ein kamp som enda med Milan-siger 2-0.
Til saman spelte Maldini 647 seriekampar for Milan og 161 kampar i dei europeiske turnerningane. Gjennom desse 808 klubbkampane stod han for 32 nettkjenningar, einast tre av dei i internasjonale kampar.
Maldini spelte 126 landskampar for Italia i tida frå debuten 31. mars 1988 og fram til han sa nei til vidare landslagsspel etter fotball-VM i 2002. Han deltok i EM 1988, VM 1990 og 1994, EM 1996, VM 1998, EM 2000 og VM 2002. Maldini skåra sju landslagsmål for Italia.
Under VM på heimebane 1990 vart Italia og Maldini slått på straffeskyting i semifinalen mot Argentina, men vann bronsekampen mot England. Maldini spelte midtstoppar saman med klubbkameraten Franco Baresi då Italia tapte VM-finalen 1994 mot Brasil, ein tam kamp som vart avgjort med ei straffetevling. I 2000 var Maldini lagkaptein då Italia nådde EM-finalen i Rotterdam. Kampen mot finalemotstandar Frankrike gjekk til ekstraomgangar, der David Trézéguet vart kampvinnar då han skåra Frankrike sitt andre mål.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Paolo Maldini, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.