Pan European Game Information (PEGI) er eit system for aldersmerking av dataspel som blir brukt i Europa.
Det er utvikla av Interactive Software Federation of Europe (ISFE) og vart nytta for fyrste gong i april 2003. PEGI-systemet blir i dag brukt i over 30 land, inkludert Noreg.
Pan European Game Information | |||
| |||
Skipa | 2003 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Brussel | ||
Nettstad | https://www.pegi.info |
PEGI-systemet bruker fem etikettar for å merkja dataspel etter kva aldersgruppe dei kan eigna seg for:
Etikettane ligg både på fram- og baksida av omslaget til dataspelet. Aldersmerkinga tek ikkje omsyn til vanskegraden i eit dataspel. Den noverande designen på etikettane vart introdusert i slutten av 2009, der kvart aldersmerke fekk fargekodar. Aldersgrensene 3 og 7 har grøn bakgrunn, 12 og 16 har gul og 18 har raud. Før dette hadde alle aldersmerka svart bakgrunn. I Portugal kom systemet for aldersensur av filmar i konflikt med standardmodellen til PEGI, og to av alderskategoriane hjå PEGI vart følgjeleg endra i Portugal; 3 (endra til 4) og 7 (endra til 6).
I 2008 var 50% av spela som PEGI har vurdert merkte med aldersgrensa 3. 10% var merkte 7, 24% var merkte 12, 12% var merkte 16 og berre 4% var merkte 18.
I tillegg til aldersetikettane finst det òg spesifikke etikettar for ulike typar innhald i dataspel som kan verka støytande, til dømes vald, erotikk og grovt språk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pan European Game Information, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.