Entertainment Software Rating Board (ESRB) er ein organisasjon som set aldersgrenser på dataspel og anna programvareunderhalding i USA, Canada og Mexico.
Organisasjonen vart etablert i 1994 av Entertainment Software Association, som følgje av kontroversar knytte til dataspel med utprega valdeleg eller seksuelt innhald. Systemet svarar til PEGI, som blir brukt for å klassifisera dataspel i Europa.
ESRB bruker stiliserte bokstavar for å merkja dataspel etter kva aldersgruppe dei kan eigna seg for:
Dataspel merkte med EC (Early Childhood) eignar seg for små barn og skal ikkje ha støytande innhald. E (Everyone) eignar seg for alle aldrar, E 10+ (Everyone 10+) eignar seg for tiårige og eldre, og T (Teen) eignar seg for trettenårige og eldre. M (Mature) svarar til ei aldersgrense på 17 år og ein mindreårig må ha følgje av ein vaksen for å kunna kjøpa dataspel med dette aldersmerket. AO (Adults Only) svarar til ei aldersgrense 18 år og mindreårige er ikkje tillatne å kjøpa spel med dette merket.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Entertainment Software Rating Board, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.