Ob

Ob (russisk Обь) er ei stor elv vest i Sibir i Russland.

    For byen med same namn, sjå byen Ob.

Ho er 3650 km lang, 5410 km om ein tel med tilførsleelva Irtysj. Elvesystemet Ob-Irtysj er den andre lengste elva i Russland og, alt etter kva mål ein bruker, den femte eller sjuande lengste i verda.

Ob
Обь
elv
Ob
Land Ob Russland
Nedslagsfelt 2 972 497 km²
Lengd Frå kjelda til Katun: 3 650 km
Frå kjelda til Irtysj: 5 410 km
Middelvassføring 12 500 /s
Kjelde Altaj kraj
Munning Obbukta

Ob
52°25′56″N 84°59′07″E / 52.4322°N 84.9853°E / 52.4322; 84.9853
Nedslagsfeltet til Ob og Itrsyj
Nedslagsfeltet til Ob og Itrsyj
Nedslagsfeltet til Ob og Itrsyj
Wiki Commons: Ob River

Ob har utspring i Altajfjella og munnar ut i Nordishavet via Obbukta og Karahavet.

Namn

Ob vert kalla As, Jag, Kolta og Jema av khantiar, Kolta eller Kuaj av nenetsarar, og Umar eller Omar av sibirtatarar.

Geografi

Ob vert danna 25 km sørvest for Bijsk i Altaj kraj der elvane Bija og Katun renn saman. Begge desse elvane har kjeldene sine i Altajfjella, Bija frå Teletskojesjøen og Katun frå isbreane ved Belukha. Ob snor seg vestover og nordover til ho når 55° N, og frå her renn ho hovudsakleg nordvestover og nordover før ho snur austover og ut i Obbukta, ei lang bukta i Karahavet og Nordishavet.

Ob 
Ob om hausten i Bystroistokskij distrikt.

Elva deler seg i meir enn ein arm, særleg etter ho har teke imot Irtysj. Irtysj har utspring i Kina og er faktisk lengre enn sjølve Ob. Frå kjelda til Irtysj og til munningen av Ob er elva den lengste i Russland med 5410 km. Andre store sideelvar er Tom, Tsjulym, Ket, Tym og Vakh frå aust, og frå vest og sør Vasiugan, Irtysj (med Isjim og Tobol) og Sosva.

Det kombinerte Ob-Irtysj-systemet er det tredje lengste systemet i Asia (etter Chang Jiang og Huang He i Kina) med ei lengd på 5410 km og eit nedslagsfelt på 2 972 497 km².

Området rundt Ob består stort sett av steppe, taiga, myrer, tundra og halvørken. Elvesletta til Ob er kjenneteikna av mange sideelvar og innsjøar. Klimaet rundt elva har lange, kalde vintrar og korte somrar.

Ob 
Ei frosen Ob i Sjegarka distrikt.

Ob er isdekt sør til Barnaul frå tidleg i november til nær slutten av april, og nord for Salekhard frå slutten av oktober til byrjinga av juni. Etter snøsmelting på høgslettene opplever den øvre delen av elva vårflaumar frå byrjinga av april, og deretter ein seinare flaum etter snøsmelting i Altajfjella og eventuelt høgare vassføring i september og oktober som følgje av haustregn. Midtdelen av Ob har ein uavbroten periode med stor vassføring om våren og sommaren, frå midten av april. Nedre Ob har høgare vassføring frå seint i april eller tidleg i mai. Her kan ho nå dei høgaste nivåa i juni, juli eller så seint som i august.

Dei nedre delane av elva frys vanlegvis til frå slutten av oktober eller i november. Heile elva er vanlegvis frosen i slutten av november.

Dyreliv

Det finst rundt 50 fiskeartar i elva eller Obbukta. Ein finn mellom anna fleire størjeartar og ulike typar Coregoninae-fiskar som nelma (Stenodus leucichthys nelma), muksun (Coregonus muksun), tsjirr (C. nasus) og peled (C. pelea) og andre fiskar som abbor, gjedde, karpe, lake og den sibirske karpearten Leuciscus baicalensis.

Bruk

Ob 
Skip på Ob
Ob 
Ob i Barnaul.

Ob vert nytta til vatning, drikkevatn, vasskraft, fiske og transport.

Totalt 14880 km av elvane i nedslagsfeltet til Ob kan nyttast til skipsfart. Dei øvre delane er farbare om lag 190 dagar i året, medan den nedre delen er farbar i 150 dagar.

Ob var ei særleg viktig transportåre før Den transsibirske jarnvegen vart bygd. Fram til tidleg på 1900-talet var særleg Tjumen ved Turaelva, ei sideelv til Tobol, ein viktig hamneby i vest. Tjumen låg frå 1885 langs jarnvegen mellom Jekaterinburg og Perm og danna dermed eit samband til elvane Kama og Volga i hjarte av Russland. Tjumen vart ein viktig endestasjon for jernbanen før han vart bygd vidare austover. I austlege område av Ob-bassenget var Tomsk ved Tom ein viktig endestasjon.

Tjumen hadde det første dampskipet i 1836 og dei midtre delane av Ob har vorte nytta av dampskip sidan 1845. Det første dampskipet på Ob var «Osnova», sjøsett i 1844, men skipsfarten gjekk trått dei første åra og det vart først i 1857 at skipstransporten tok seg opp på Ob. Dampskip starta i trafikk på Jenisej i 1863 og på Lena og Amur i 1870-åra. I eit forsøk på å utvide transportsystemet til Ob enno lengre vart Ob-Jenisej-kanalen ved hjelp av elva Ket, med ei total lengd på 900 km bygd seint på 1800-talet, men med Den transsibirske jarnvegen tapte han raskt konkurransen.

Den transsibirske jarnvegen gav eit meir direkte samband mellom aust og vest som kunne nyttast året rundt. Ob var derimot framleis viktig for å knyte saman dei store avstandane i Tjumen oblast og Tomsk oblast med store byar langs den transsibirske jarnvegen som Novosibirsk og Omsk. På andre halvdel av 1900-talet gav jernbanevegar til Labytnangi, Tobolsk og olje- og gassbyane Surgut og Nizjnevartovsk fleire endestasjonar, men Ob var framleis viktig som transportåre til stader som ikkje hadde jernbane.

I 1956 vart det bygd ei demning nær Novosibirsk som skapte den største kunstige innsjøen i Sibir, Novosibirskreservoaret. Store mengder radioaktivt avfall frå russiske våpen og atomreaktorar vart dumpa direkte ut i Ob. Sedimenta i Ob inneheld framleis dødelege isotopar. I dei første åra vart det dumpa store mengder radioaktivt forureina vatn frå kraftverket Majak ut i mange små innsjøar nær kraftverket og elva Tetsja.

Frå 1960-åra til 1980-åra planla sovjetiske ingeniørar eit gigantprosjekt for å leie noko av vatnet frå Ob til Kasakhstan og dei sovjetiske republikkane i Sentral-Asia for slik å fylle opp Aralsjøen igjen. Prosjektet vart lagt ned i 1986 på grunn av økonomiske og miljømessige tilhøve.

Byar langs Ob

Bruer

  • Surgut-brua
  • Jernbanebru i Surgut
  • Sjegarskij-brua
  • Dimitrov-brua in Novosibirsk
  • Den første jernbanebrua over Ob (Den trans-sibirske jernbanen)
  • Kommunalny-brua i Novosibirsk
  • Novosibirsk metrobru, den lengste metrobrua i verda
  • Olovozavodskoj-brua
  • Komsomol jernbanebru i Novosibirsk
  • Brua over Novosibirskaja HPP-slusa
  • Jernbanebru i Kamen-na-Obi
  • Kommunal bru (for jernbane og biltrafikk) i Barnaul
  • Den nye brua i Barnaul

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Ob NamnOb GeografiOb DyrelivOb BrukOb Byar langs Ob BruerOb KjelderOb BakgrunnsstoffObIrtysjRussisk skriftRusslandSibir

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Flåklypa Grand PrixDonald TrumpClaudio MonteverdiBererakettJonas Gahr StøreISO 8601AndGjærStyresettRussisk litteraturSvanesjøenRussells paradoksMarit BjørgenVegard UlvangKrøllalfaEl NiñoTalordBodø kommuneKathakaliNorske dialektarOrganistUSANordfjordeidVrangianáVerkstadBjørnøyaGlimmerLike-til-likeGrunnstoffet tinnInflasjonEtanolL157BizkaiaKarsten WarholmStore norske leksikonGeostasjonær baneVisentAlenJean-François MilletAtenFranz LisztEikefjord idrettslagBjørkefinkAlf-Inge HålandKjeleelvtindenHar SedomJolene av Dolly PartonSovjetunionenSjangerMånenTonsillSaltSiderWikiClaus JervellSvart kattIdrettshallSosialdarwinismeJamstellingsvedtaketBrunFolkestyreEØSSamiske slektsnamnSigmaNasjonalbiblioteketJemenVictoria av StorbritanniaMayo Clinic🡆 More