Sibirtatarar (себер татарлары) er ei gruppe urfolk frå Sibir, ei gruppe tatarar som historisk har budd i skogar og på stepper sør i Sibir frå noko aust for Uralfjella til Jenisejelva i Russland.
Språket deira er sibirtatarsk. Sibirtatarane kallar seg sjølv Yerle Qalyq ('eldre innbyggjarar'), til skilnad frå volgatatarar, som har kome til området meir nyleg.
Ifølgje folketeljinga frå 2002 budde det rundt 500 000 tatarar i Sibir, men berre 9 611 av desse var sibirtatarar. Minst 400 000 var etniske volgatatarar, ei gruppe som stammar frå Volga-Ural og som slo seg ned i Sibir i koloniseringsperiodar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sibirtatarar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.