Khanty-Mansijsk (russisk Ханты-Мансийск) er ein by i Vest-Sibir i Russland, og hovudstad i det autonome distriktet Khanty-Mansia.
Folketalet er om lag 65 000 innbyggjarar (2008). Byen vart grunnlagd i 1930 som tettstaden Ostjako-Vogulsk. I 1940 skifta han namn til Khanty-Mansijsk, og i 1950 fekk han bystatus. Han ligg ved elva Irtysj. Dei siste åra har byen sin økonomi nytt godt av store oljeinntekter. I 2003 arrangerte byen verdsmeisterskapen i skiskyting, og her vert jamleg arrangert verdscuprenn i skiskyting.
Khanty-Mansijsk Ханты-Мансийск | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Khanty-Mansia | ||||
Grunnlagd Bystatus | 1930 1950 | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By | 337,76 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik | 67 761 200,6 /km² | ||||
Koordinatar | 61°0′31″N 69°1′36″E / 61.00861°N 69.02667°E | ||||
Tidssone - Ved sommartid | YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Retningsnummer (tlf) | (+7) 34671 | ||||
Nettstad: www.admhmansy.ru |
Distriktet har status som autonomt distrikt fordi det er sentrum i området for khantyane og mansiane, talarane av dei ob-ugriske språka khantisk og mansisk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Khanty-Mansijsk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.