Nørresundby

57°3′51.325″N 9°56′6.2664″E / 57.06425694°N 9.935074000°E / 57.06425694; 9.935074000

Nørresundby
Brua over Limfjorden frå Nørresundby til sentrum av Aalborg.
Nørresundby
Lindholm Høje fotografert i 2004.

Nørresundby er den luten av Aalborg i Danmark som ligg i Aalborg kommune nord for Limfjorden. Tidlegare var Nørresundby, som ligg i landskapet Vendsyssel, ein eigen by, kjøpstad (købstad), og ein forstad til Aalborg.

Folketalet i Nørresundby er på 21 671 (2012), medrekna dei lutane av Nørresundby som heiter Lindholm, Nørre Uttrup og Bouet. Talet på innbyggjarar i Nørresundby vert i statistisk samanheng rekna inn i det samla folketalet for Aalborg, men likevel slik at det går fram kor mange av innbyggjarane i Aalborg som bur høvesvis nord og sør for Limfjorden.

I Nørresundby Centrum ligg mellom anna Nørresundby Kirke, Nørresundby Torv og den eine enden av Limfjordsbroen, ei bru over Limfjorden for bilar, fotgangarar og syklistar som bind saman sentrum i Nørresundby med sentrum i sjølve Aalborg. Bydelen Lindholm med Lindholm jarnbanestasjon ligg vest for Nørresundby, og gjennom Lindholm går den gamle hovudvegen vestover til Thisted. Vest for Lindholm ligg òg Aalborg Lufthavn, og nordafor ligg bydelen Nørre Uttrup, som grensar mot området Aalborg Kaserner og landsbyen Hvorup. Nordaust for Nørre Uttrup og aust for Nørresundby finn ein motorvegen som går i tunnel under Limfjorden, og dessutan den gamle hovudvegen mot Hjørring.

I Nørresundby ligg òg den vidgjetne Lindholm Høje, som er namnet på eit arkeologisk granska gravfelt frå jarnalderen og vikingtida på ein bakke i ei høgd av 42 meter over havet. Her er sundet på det smalaste, så gravfeltet ligg tett ved det som frå gamal av har vore ein viktig overfartsstad for samband over sundet mellom Vendsyssel på nordsida og resten av Jylland på sørsida. På området er det funne over 700 graver frå tida frå om lag år 500 og fram til år 1000, dei fleste av dei er brente graver (det vil seie at den døde har vore brent før jordfestinga), og fleire hundre steinsettingar. Det er dessutan funne restar av ein by i området.

Fotnotar

Tags:

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Komparativ fordelWehrmachtISBNSpekkhoggarSpesifikk varmekapasitetMesonBryan AdamsSola kommuneABBAWikiPeter Wessel TordenskjoldAdolf HitlerLerkÆrfuglCand.mag.Det tredje riketMarianna LongaGro Harlem BrundtlandSpeidarrørslaTrønderskSiri KalvigKabelsporvognDen etiopiske kalenderenLoutráki-Perakhóra-Áji TheódoriÅkerbærJomfru MariaGerd-Liv VallaKelvinDer ingen skulle tru at nokon kunne buApatosaurusDeauvilleRain of RevolutionDet danske flaggetZevsKlima i CanadaDanmark i SandviksbuktaFranz LisztGérard DepardieuVerdas landHimmelAfroamerikansk litteraturURLNorrøn tidVélo-VókhaKommunar i NoregFolkerepublikken KinaBarry HayByte i informatikkKnut Marius DjupvikÅlandKrakenKelly ClarksonRaudstrupeFransk geografiStilarkQawahElbaElse HagenVictoria av StorbritanniaΑlfa1-antitrypsinmangelKrøllparentesIl Tempo GiganteTutankhamonSiderSverigeMusvåkVestlandetSogn og Fjordane fylkeSymbol i hinduismenHaugtussaTablCoco ChanelHavørnFurieHenry Lawson🡆 More