Aalborg eller Ålborg er den fjerde største byen i Danmark, etter København, Aarhus og Odense, regionsenter i Region Nordjylland, og har eit folketal på 128 644 (2013).
Dei tidlegaste busetnadane går heilt tilbake til rundt år 700. Byen ligg ved Limfjorden, opphavleg på sørsida, men femnar no òg om den tidlegare sjølvstendige byen (kjøpstaden) Nørresundby på nordsida av sundet.
Aalborg | |||
---|---|---|---|
Nytorv i Aalborg Foto: Tomasz Sienicki | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Kommune | Danmark Region Nordjylland Aalborg kommune | ||
Grunnlagd | Alabu skreve på myntar frå 1035. Kjøpstadsrettar i 1342. | ||
Borgarmeister | Thomas Kastrup-Larsen S (2014-2017) | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 139 km² | ||
Innbyggjarar - By (2013) | 128 644 | ||
Koordinatar | 57°02′06″N 9°55′52″E / 57.03500°N 9.93111°E | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: aalborg.dk |
Byen var ei viktig hamn i mellomalderen og vart seinare eit industrisenter med mellom anna sementfabrikkar. I dag er byen i ein overgangsfase får å vere ein arbeiderklasse- og industriby, til å verte ein by som baserer seg på meir kunskapsorienterte verksemder. Ei av dei viktigaste drivkreftene for denne overgangen er Aalborg universitet, grunnlagd i 1974.
Byen er i dag kjend for snaps, og De Danske Spritfabrikker vart grunnlagd i 1881 av C. F. Tietgen og C. A. Olesen.
Aalborg tårn står på ei høgd i byen, og gjev eit flott utsyn over byen med ei høgd på over 100 meter.
Aalborg er trafikkknutepunkt for europavegane E39 og E45.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Aalborg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.