Limfjordstunnelen er ein 582 meter lang tunnel i motorvegen Europaveg 45 under Langerak i Limfjorden i Danmark, på strekninga mellom Nørresundby og Aalborg.
Tunnelen vart bygd i åra 1964 til 1969, og opna for trafikk 6. mai 1969.
Tunnelen er bygd som to 12 meter breie firkanta røyr med plass til tre filar i kvar retning. Hovuddelen er ein 510 meter lang senketunnel bygd i tørrdokk i fem element om lag ei mil frå tunneltraseen og fløytt på plass. Mot nord er senketunnelen knytt til ei 156 meter lang rampe, medan han mot sør går over i ein 43 meter langt tunnel støypt på staden, og deretter over i ei 156 meter lang rampe. Kvart av dei fem elementa i senketunnelen er 102 meter lange, 28 meter breie og 8,5 meter høge, og har ei vekt på om lag 25 000 tonn.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Limfjordstunnelen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.