Norske nettaviser er jamleg oppdaterte nettenester med norsk tilknyting som tilbyr avisstoff, typisk nyhende og annonsar.
Dei kan vera ein sjølvstendig teneste eller høyra til ei tradisjonell norsk papiravis. Dei fleste nettavisene er gratis tilgjengelege.
Dei første nettavisene i Noreg blei lanserte i mars 1995. Musikkavisa Panorama, blei opna 1. mars som ei rein nettavis. 6. mars opna nettutgåva av lokalavisa Brønnøysunds Avis, og 8. mars kom Dagbladet si nettutgåve, Dagbladet.no. I dag har ein stor del norske aviser også ein nettutgåve.
Fem av dei ti mest vitja norske nettstadene på topplista til TNS Gallup i 2009 var nyhendetenestene til Dagbladet.no, VG Nett, NRK.no, Aftenposten.no og Nettavisen. Det var eit unikt fenomen på verdsbasis at nettstader med redaksjonelt innhald var så populære. Til samanlikning viste nettstatistikken til Alexa at berre eit av dei tjue mest vitja nettstadene i USA var redaksjonelt. Det var CNN.com på 18. plass.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Norske nettaviser, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.