Hammerfest (tidlegare òg Hamarfest på nynorsk) er ein by i Hammerfest kommune, nordvest i Finnmark fylke.
Byen ligg på vestsida av Kvaløya. Folketalet er om lag 6800, noko som utgjer om lag 70 % av folketalet i kommunen. Hammerfest er ein av dei nordlegaste byane i verda.
Hammerfest | |||
By | |||
Hammerfest | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Hammerfest | ||
Areal | 3,02 km² | ||
Folketal | 7 882 (2023) | ||
Folketettleik | 2 610 / km² | ||
Postnummer | 9600 HAMMERFEST | ||
Innbyggjarnamn | hammerfesting | ||
Preposisjon | i Hammerfest | ||
Hammerfest kommune 70°39′48″N 23°40′56″E / 70.66336°N 23.68209°E | |||
Wiki Commons: Hammerfest (town) | |||
Byen har ei isfri hamn. På Melkøya, rett utanfor Hammerfest, ligg landanlegget som behandlar og kjøler ned gassen frå Snøkvitfeltet. Anlegget blei sett i gang hausten 2007. I 2005 kom Hammerfest på UNESCO si verdsarvliste med det nordlegaste målepunktet i Struvemeridianen.
Hammerfest har vegsamband sørover med riksveg 94 til Skaidi og europaveg 6}.
Hammerfest lufthavn ligg på Fuglenes, ca. 30 minutt gange frå Hammerfest sentrum. Frå Hammerfest har Widerøe ruter hovudsakleg til Tromsø, men også til Vadsø og Kirkenes, i tillegg til dei ni andre flyplassane i Finnmark. I tillegg flyg Norsk Helikopter til diverse offshoreinstallasjonar.
Hammerfest er stoppestad for Hurtigruta. Hurtigruta kjem til Hammerfest kvar dag klokka 11.30 (sørgåande) og 05.30 (nordgåande). Det er snøggbåtsamband frå Hammerfest til Alta og Hasvik, Akkarfjord, Kårhamn, Lotre, Langstrand, og Øksfjord og Loppa. Fredag og søndag er det samband til Rolvsøy, Ingøy og Havøysund.
Hammerfest har ein offentleg vidaregåande skule, Hammerfest vidaregående skule
UiT Noregs arktiske universitet har ei avdeling i Hammerfest som tilbyr sjukepleiarstudium. Han ligg rett ovafor Hammerfest sjukehus på Fuglenes.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hammerfest, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.