Niger-kongospråka.
eller den nigerkordofanske språkfamilien, er ein av verdas største språkfamiliar, og den største i Afrika, både målt etter geografisk område, talet på brukarar, og talet på ulike språk. Nesten alle dei store språka sør for Sahara høyrer til denne familien. Eit fellestrekk ved dei nigerkordofanske språka er nominalklassesystemet, eit system som av mange lingvistar blir sett på som eit genussystem.
Joseph Greenberg var den første som identifiserte den nigerkordofanske språkfamilien, som han kalla Niger-Congo, i ein serie av artiklar publisert mellom 1949 og 1954. Like før desse artiklane vart samla i bokform (The Languages of Africa) i 1963, endra han klassifiseringa si med å legge kordofansk til som ei eiga grein, og familien vart omdøypt til nigerkordofansk. Bennet og Sterk (1977) presenterte ei reklassifisering basert på leksikostatistikk som la grunnlaget for den viktige klassifiseringa i Bendor-Samuel 1989. Her vart kordofansk sett på som ei av fleire greiner, heller enn den eine greina i ei todeling av familien. Denne klassifiseringa har ført til at termen niger-kongo har vorte reintrodusert, og Ethnologue fører til dømes kordofansk opp som ei av mange greiner i niger-kongo-familiem.
Dei viktigaste underfamiliene i niger-kongofamilien er:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Niger-kongospråk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.