Blautdyr eller molluskar er ei rekkje protostome dyr som lever i fuktige habitat over heile jorda.
Blautdyr | |
Sniglane er dei mest talrike blautdyra | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Eumetazoa |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Blautdyr Mollusca Cuvier, 1797 |
Det eksisterer stor diversitet innanfor gruppa, men den grunnleggjande oppbygnaden til ein mollusk er den same overalt. Det finst omkring 112 000 artar blautdyr, m.a. muslingar, sniglar og blekksprut.
Kroppen til eit blautdyr kan delast inn i tre element: hovud/fot, visceralmasse og kappe.
Hovud/fot-regionen er nedst på dyret, og omfattar naturleg nok hovudet og foten. Hovudet inneheldt eit ganglion (primitiv hjerne) og ein munn med raspetunge (radula, unnataket er muslingar som manglar dette). Foten finst i ei rekkje ulike spesialiseringar; men nyttast hovudsakleg til rørsle.
Visceralmassa er masse med innvolar i. Nokre av organa me finn her inkluderer tarmsystem, kjønnsorgan, gjeller og vanlegvis eit delvis ope blodkarsystem med hjarta. Blekksprutane skil seg her ut ved å ha lukka blodkarsystem. I samband med hjarta og gonadar finn ein òg ekte coelom, som gjer at ein klassifiserer molluskane som eucoelomate dyr.
Gjellene til blautdyra vert vanlegvis funne i kappehola, der dei som regel opptrer i par. Unnataket er sniglane, som på grunn av kroppsvriding (torsjon) har mista den eine. Muslingar utmerker seg med særs store gjeller, som i tillegg til gassveksling vert nytta til å fanga opp næringspartiklar, som seinare vert transportert til munnen med cilier og palpar.
Kappen hjå dei fleste molluskar skil ut kalk eller perlemor og dannar skal.
Klassar:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Blautdyr, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.