Molekylfysikk er studiet av dei fysiske eigenskapane til molekyl og dei kjemiske bindingane mellom atoma som held dei saman.
Dei viktigaste eksperimentelle metodane i molekylfysikken er ulike former av spektroskopi. Feltet er nært knytt til atomfysikk og overlappar sterkt med teoretisk kjemi, fysikalsk kjemi og kjemisk fysikk.
Atom kan ha ulike elektroniske energinivå, men molekyla kan rotere og vibrere. Desse rotasjonane og vibrasjonar er òg kvantisert og fråskilde (diskrete) verdiar. Skilnader i energi er minst mellom rotasjonsenerginivå, så difor finst rotasjonsspekter i det langbølgja infraraude området (ca 30-150 µm). Vibrasjonsspekter finst i det kortbølgja infraraude området (ca 1-5 µm) og spekter frå elektronovergangar er vanlegvis i det synlege og det ultrafiolette bølgjelengdeområdet. Ved å måle rotasjons- og vibrasjonsspekteret frå ei samling molekyl kan eigenskapane til molekyl reknast ut, slik som avstandane mellom atomkjernene og stivleiken til bindingane.
Ein viktig del av molekylfysikken er at atomorbitalteorien i atomfysikk kan utvidast til molekylorbitalteori i molekylfysikk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Molekylfysikk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.