Mirage er det 13.
Mirage Studioalbum av Fleetwood Mac | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. juni 1982 | |
Innspelt | 1981 – 1982 på Le Château i Hérouville i Frankrike, Larrabee Sound Studios (og) the Record Plant (begge i Los Angeles California) miksa i George Massenburg Labs i West Los Angeles | |
Sjanger | Poprock Adult contemporary | |
Lengd | 42:52 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Lindsey Buckingham, Richard Dashut, Fleetwood Mac | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
---|---|---|
Live (1980) | Mirage | Tango in the Night (1987) |
Singlar frå Mirage | ||
|
studioalbumet til Fleetwood Mac, gjeve ut 18. juni 1982.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | |
Robert Christgau | B+ |
Etter ein pause på over eitt år då den verdsomfattande Tusk-turneen var over, flytta bandet for ei stund til Château d'Hérouville i Frankrike for å spele inn dette albumet. På denne tida hadde Stevie Nicks og Lindsey Buckingham begge starta solokarrierane sine, Nicks med den storsuksessen Bella Donna i 1981 og Buckingham med Law and Order.
Med Mirage tok bandet ytterlegare eit steg mot radiovennleg softrock. Det stod i sterk kontrast til den meir eksperimentelle føregangaren Tusk frå 1979. Mirage gav dei fleire hitsinglar: «Hold Me» (som nådde fjerdeplassen i USA), «Love in Store» (22. plass i USA), «Oh Diane» (niandeplass i Storbritannia) og «Can't Go Back».
Stevie Nicks-songen «Gypsy» var den andre singelen frå albumet og kom i lag med ein lengre video, som skal ha vore den dyraste musikkvideoen som var produsert til då,[treng kjelde] regissert av Russell Mulcahy. Videoen var den første «World Premiere Video» på MTV i 1982.[treng kjelde] Singel- og albumversjonen av «Gypsy» varte 4:24, men ein fem og eit halvt minutt lang versjon vart opphavleg spelt inn og denne versjonen vart nytta for videoen. Den lange versjonen av songen vart først tilgjengeleg på CD i plateboksen 25 Years – The Chain.
Dei to andre songane til Nicks på albumet var «That's Alright», som gjekk attende til tida då ho song i duett med Buckingham i 1974, medan «Straight Back» vart skriven vinteren 1981 og handla om då ho enda forholdet til den dåverande kjærasten sin, produsenten Jimmy Iovine, og vanskane ho hadde med å gå attende til Fleetwood Mac etter den store suksessen ho nettopp hadde fått som soloartist. «Straight Back» vart ein radiohit i USA vinteren 1982.
Albumet låg 18 veker inne på topp 10 på albumlista i USA og selde til dobbel platina for to millionar selde eksemplar i USA.. Dette var første gongen gruppa fekk eit album så høgt på albumlista sidan Rumours i 1977. Albumet låg fem veker på toppen av lista og nådde òg ein femteplass i Storbritannia, der det selde 300 000 eksemplar. Albumet nådde andreplassen i Australia.[treng kjelde]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Love in Store» | Christine McVie, Jim Recor | 3:14 |
2. | «Can't Go Back» | Lindsey Buckingham | 2:42 |
3. | «That's Alright» | Stevie Nicks | 3:09 |
4. | «Book of Love» | Buckingham, Richard Dashut | 3:21 |
5. | «Gypsy» | Nicks | 4:24 |
6. | «Only Over You» | C. McVie | 4:08 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Empire State» | Buckingham, Dashut | 2:51 |
2. | «Straight Back» | Nicks | 4:17 |
3. | «Hold Me» | C. McVie, Robbie Patton | 3:44 |
4. | «Oh Diane» | Buckingham, Dashut | 2:33 |
5. | «Eyes of the World» | Buckingham | 3:44 |
6. | «Wish You Were Here» | C. McVie, Colin Allen | 4:45 |
Mirage-turneen gjekk hausten 1982 og varte berre nokre få månader i 29 byar i USA.
Dei to siste konsertane på turneen vart filma i Los Angeles i 1982. Denne vart gjeven ut på VHS og CED videodisc i 1983. Mange songar var redigert bort, og den 135 minuttar lange konserten vart korta ned til berre 80 minuttar på kassett. Konserten vart gjeven ut på DVD i 2003, men berre i Brasil. I 2006 kom ein ny versjon ut på DVD i Australia med ekstra bonusspor av musikkvideoar av Stevie Nicks.
Fleetwood Mac
Andre medverkande
Produksjon
Listeplasseringar
| Årslister
|
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mirage av Fleetwood Mac, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.