Meena Kumari

Meena Kumari (fødd Mahjabeen Bano; 1.

august">1. august 193331. mars 1972) var ein indisk skodespelar og diktar som verka innan hindifilmar. Ho var kjend som «The Tragedy Queen», og var aktiv mellom 1939 og 1972. Kumari er rekna som ein av dei største skodespelarane i den indiske filmindustrien. I ein karriere som varte i over 33 år, frå barndommen til ho var vaksen, medverka ho i over 90 filmar. Ho døydde berre 38 år gammal av skrumplever.

Meena Kumari
Meena Kumari
Fødd1. august 1933
FødestadDadar
Død31. mars 1972 (38 år)
DødsstadMumbai
Fødenamnमहजबी बानो
Aktive år1939–1972
Verka somskodespelar, lyrikar, kostymedesignar, songar
EktefelleKamal Amrohi
PrisarFilmfare Award for Best Actress, Bengal Film Journalists' Association Awards

Kumari vann fire Filmfare-prisar i kategorien for beste kvinnelege skodespelar. Ho fekk den første slike prisen for Baiju Bawra i 1954, og vann han att året etter for Parineeta. Kumari gjorde historie ved den 10. filmfareprisutdelinga i 1963 ved å få alle tre nominasjonane til beste kvinnelege skodespelar, og vann for rolla si i Sahib Bibi Aur Ghulam. Ho vann den siste filmfareprisen sin for Kaajal i 1966. Den siste filmen hennar, Pakeezah, kom ut året etter at ho var død, og gav henne ein posthum filmfarenominasjon.

Bakgrunn

Far til Kumari var Master Ali Bux, ein sunnimuslim som hadde emigrert frå Bhera (i noverande Pakistan). Han hadde lenge vore med i parsi-teater, spelte harmonium, skreiv urdu-poesi, komponerte musikk og spelte òg små roller i nokre filmar. Mor til Kumari, Iqbal Begum, som opphavleg heitte Prabhavati Devi, var av kristent opphav og hadde konvertert til islam etter at ho gifta seg. Iqbal Begum var den andre kona til Ali Bux. Før ho møtte og gifta seg med Ali Bux, var ho skodespelar. Ho var ein slektning av den bengalske Tagore-familien, som Rabindranath Tagore var den best kjende medlemmen av.

Bestemora til Kumari, Hem Sundari Tagore, var anten dotter av eller enkje etter eit fjernt syskenbarn av Rabindranath Tagore. Etter at mannen hennar døydde blei ho tvinga av familien til å forlata heimen og drog til Meerut, der ho blei sjukepleiar og gifta seg med Pyare Lal Shakir Meeruti (1880-1956), ein urdu-journalist som hadde konvertert til kristendomen. Ho fekk to døtrer; ei av dei var Prabhavati, mor til Kumari.

Fødsel og barndom

Meena Kumari 
Meena Kumari som åtteåring.

Kumari blei fødd med namnet Mahjabeen den 1. august 1933, i Parel i Mumbai, og voks opp i Dadar. Fødselen var eit vonbrot for Ali Bux, som ønskte seg ein son. Ho var den andre dottera til paret, og hadde to systrer; den eldre heitte Khursheed Jr. og den yngre heitte Mahliqa (ho blei kjend som Madhu og var også barneskodespelar; ho blei gift med skodespelaren Mehmood).

Som barn var ikkje Kumari lysten på ein filmkarriere, og ville heller gå på skule. Likevel tok foreldra hennar med henne til filmstudio for å få arbeid. Regissøren Vijay Bhatt gav henne ei rolle i actionfilmen Leatherface, som kom ut i 1939. Den fyrste dagen i jobben tente ho 25 rupi.

Kumari blei hovudforsørgaren for familien i svært ung alder. I eit intervju i 1962 sa ho at det at ho hadde støtta foreldra sine frå ho var fire år gammal gav henne enorm tilfredsstilling. Kumari byrja som elev på ein vanleg skule, men arbeidet hennar førte ofte til avbrot i utdanninga. Ho fekk derfor ikkje nokon skikkeleg skulegang, og utdanninga hennar var resultatet av privat undervising og sjølvlæring.

Mora døydde 25. mars 1947, då Kumari var 13.

Karriere

Tidleg arbeid som Baby Meena (1939-45)

Meena Kumari 
Meena Kumari (til høgre) som barneskodespelar i 1940.

Kumari byrja spela inn filmar frå ho var fire år gamal. Ho arbeidde fyrst mest i Vijay Bhatt-produksjonar: Leather Face (1939), Adhuri Kahani (1939), Pooja (1940) og Ek Hi Bhool (1940). Bhatt døypte om Mahjabeen til «Baby Meena» under filminga av Ek Hi Bhool.

Fleire filmar følgde, som Nai Roshni (1941), Bahen (1941), Kasauti (1941), Vijay (1942), Garib (1942), Pratiggya (1943) og Lal Haveli (1944).

Tidleg karriere (1946-52)

Meena Kumari 
Med Mahipal i Aladdin Aur Jadui Chirag

Under namnet Meena Kumari fekk ho ei rolle i Ramnik Productions sin Bachchon Ka Khel (1946). Duniya Ek Sarai (1946), Piya Ghar Aaja (tidlegare kalla Jalan) (1948) og Bichade Balam (1948) var nokre av dei tidlege filmane hennar der ho ikkje berre spelte, men òg song songar. På slutten av 1940-talet endra ho fokus til mytologiske eller fantasyfilmar. Veer Ghatotkach (1949), Shri Ganesh Mahima (1950), Laxmi Narayan (1951), Hanuman Patal Vijay (1951) og Aladdin Aur Jadui Chirag (1952) var nokre slike. Andre filmar, som Magroor (1950), Hamara Ghar (1950), Sanam (1951), Madhosh (1951) og Tamasha (1952), hadde meir av eit skodespelarensemble. Kumari blei særleg kjend med musikalen Baiju Bawra (1952), regissert av mentoren Vijay Bhatt.

Stigande stjerne (1952-56)

Meena Kumari 
Meena Kumari i Baiju Bawra
  • 1952: Baiju Bawra er eit romantisk musikalsk drama om hindustanimusikaren Baiju Bawra frå Mogulriket. Kumari spelte Gauri, den kvinnelege hovudrolla i filmen. Etter suksessen blei ho modell for Hindustan Lever-produkt og var på kalenderen til ei populær venleikssåpe.
  • 1953: Parineeta var regissert av Bimal Roy, med Ashok Kumar og Meena Kumari i hovudrollene. For denne filmen vann Kumari sin andre Filmfare Best Actress Award. Filmen var basert på den bengalske romanen frå 1914 av Sharat Chandra Chattopadhyay. Do Bigha Zamin, som også var regissert av Bimal Roy, vann den internasjonale prisen i Cannes i 1954 som den fyrste indiske filmen. Denne filmen hadde den einaste gjesteopptredenen til Kumari. Foot Path, regissert av Zia Sarhadi, var den fyrste filmen hennar med Dilip Kumar. Denne filmen var med i Avijit Ghosh si bokk, 40 Retakes: Bollywood Classics You May Have Missed. Daaera blei skriven og regissert av Kamal Amrohi, med Kumari, Nasir Khan og Nana Palsikar i hovudrollene. Andre filmar ho var i inkluderte Naulakha Haar og Daana Paani.
Meena Kumari 
Med Shammi Kapoor i Mem Sahib.
  • 1954: Chandni Chowk, regissert av B.R. Chopra, ein klassisk muslimsk samfunnsdramafilm, var ein kassasuksess. Baadbaan, regissert av Phani Majumdar, hadde ei stjernerolleliste som omfatta Kumari, Dev Anand, Ashok Kumar og Usha Kiran. Ilzaam, regissert av R.C. Talwar med Kumari og Kishore Kumar i hovudrollene, hadde òg premiere.
  • 1955: I Azaad, ein komedie regissert av Sriramulu Naidu S.M., spelte Kumari i lag med Dilip Kumar. Dette var den nest mest inntenande indiske filmen dette året, og inkluderte songen «Aplam Chaplam» sungen av Lata Mangeshkar og Usha Mangeshkar. Adl-e-Jehangir var ein hindi-språkleg historisk dramafilm regissert av G.P. Sippy. Også denne hadde kommersiell suksess. Bandish, regissert av Satyen Bose med Kumari, Ashok Kumar og Daisy Irani i hovudrolla, var ein annan kassasuksess. Rukhsana, regissert av R.C. Talwar, hadde Kumari og Kishore Kumar i hovudrollene.
Meena Kumari 
Med Kishore Kumar i Naya Andaz (1956)
  • 1956: Mem Sahib, regissert av R.C. Talwar, med Kumari si fyrste rolle i lag med Shammi Kapoor. Kumari i ei moderne rolle blei godt motteken av publikum, og filmen blei ein kassasuksess. Ek Hi Raasta var ein film basert på problemet med enkjegjengifte. Han var regissert og produsert av B.R. Chopra, og hadde Kumari i lag med nykomaren Sunil Dutt, Ashok Kumar og Daisy Irani i rollene. Filmen blei ein suksess som blei vist i over 25 veker, som ein «Jubilee Hit». Bandhan, regissert av Hemchandra Chunder, var basert på den populære bengalske romanen Mantra Shakti, med Kumari og Pradeep Kumar i hovudrollene. Han vann eit Certificate of Merit ved National Film Awards. Naya Andaz, regissert av K. Amarnath og med Kumari og Kishore Kumar i hovudrollene, var ein musikalsk hit. Den historiske filmen Halaku, regissert av D.D. Kashyap og med Kumari, Pran, Minoo Mumtaz, Raj Mehra og Helen, blei ein ny kassasuksess.

Tragediedronning i indisk film (1957)

Meena Kumari 
Meena Kumari i Sharada
  • 1957: Sharada, regissert av L.V. Prasad, var den fyrste filmen der Kumari spelte mot Raj Kapoor. Ho vann beste kvinnelege hovudrolle frå Bengal Film Journalists' Association Award for verket. Filmen hadde stor kritisk suksess, og var den niande høgast inntenande filmen i India i 1957. Komedien Miss Mary, regissert av L.V. Prasad med Kumari og Gemini Ganesan i hovudrollene, var ein av dei største suksessane dette året.
  • 1958: For Sahara, regissert av Lekhraj Bhakri, fekk Kumari ein Filmfare-nominasjon. Yahudi, regissert av Bimal Roy, hadde Kumari, Dilip Kumar, Sohrab Modi, Nazir Hussain og Nigar Sultana i rollene. Filmen var basert på teaterstykket Yahudi Ki Ladki av Agha Hashar Kashmiri, ein klassikar innan parsi-urdu-teater, om jødeforfølgingane i det romerske riket. Filmen var ein kassasuksess, og var kjend for songen «Jah Mera Diwanapan Hai» sungen av Mukesh. Farishta og Savera (regissert av Satyen Bose) hadde Ashok Kumar og Kumari i hovudrollene. Filmane blei rekna som over gjennomsnittet.
  • 1959: I Chirag Kahan Roshni Kahan, regissert og produsert av Devendra Goel, spelte Kumari med Rajendra Kumar og Honey Irani. Filmen var ein stor kassasuksess, og Kumari fekk ein Filmfare-nominasjon i kategorien beste kvinnelege skodespelar. Char Dil Char Rahen blei regissert av Khwaja Ahmad Abbas med Kumari, Raj Kapoor, Shammi Kapoor, Kumkum og Nimmi i rollene. Filmen fekk gode meldingar. Shararat var ein romantisk dramafilm skriven og regissert av Harnam Singh Rawail, med Kumari, Kishore Kumar, Raaj Kumar og Kumkum i hovudrollene, med «Hum Matwaley Naujawan» sungen av Kishore Kumer. Film Chand,med regi av Lekhraj Bhakri, fokuserte på effekten av polygami før loven Hindu Marriage Act, 1955. I filmen spelte Kumari i lag med med Balraj Sahni, Pandari Bai og nykomaren Manoj Kumar. Andre filmar ho var med i som kom ut i 1959 var Ardhangini, Satta Bazaar, Madhu og Jagir.
  • 1960: Dil Apna Aur Preet Parai var eit romantisk drama skrive og regissert av Kishore Sahu. Kumari, Raaj Kumar og Nadira hadde hovudrollene. Filmen fortel historia om ein kirurg som er forplikta til å gifta seg med dottera til ein venn av familien, medan han er forelska i ein kollega, ein sjukepleiar spelt av Kumari. Dette er ein av dei best kjende rollene hennar. Filmen har musikk av Shankar Jaikishan, og har den hawaiisk-inspirerte «Ajeeb Dastan Hai Yeh» sungen av Lata Mangeshkar. Bahana, regissert av Kumar, hadde ei rolleliste som omfatta Kumari, Sajjan, Mehmood, Helen, Pramila, Sulochana Latkar og Sheela Vaz. Kohinoor, regissert av S.U. Sunny, hadde Kumari, Dilip Kumar, Leela Chitnis og Kumkum. Filmen hadde ein lettare tone, som Azaad, og mangla dei intense karakterane til tidlegare filmar av både Dilip Kumar og Kumari.
  • 1961: Bhabhi Ki Chudiyan var eit familiedrama regissert av Sadashiv J. Row Kavi med Kumari og Balraj Sahni i hovudroller. Filmen var ein av dei høgast inntenande filmane det året. Zindagi aur Khwab, regissert av S. Bannerjee, med Kumari og Rajendra Kumar i hovudrollene, var ein annan suksess. Pyaar Ka Saagar blei regissert av Devendra Goel med Kumari og Rajendra Kumar.

Kritikarfavoritt (1962)

Meena Kumari 
Meena Kumari som Chhoti Bahu i Sahib Bibi Aur Ghulam

Sahib Bibi Aur Ghulam, som var produsert av Guru Dutt og regissert av Abrar Alvi, hadde Kumari i rolla som Chhoti Bahu. Filmane er basert på den bengalske romanen Saheb Bibi Golam av Bimal Mitra. Han hadde Kumari, Guru Dutt, Rehman og Waheeda Rehman i rollene. Kritikarar har peika på at figuren hennar i Sahib Bibi Aur Ghulam minnar om livet til Kumari. Filmmusikken var av Hemant Kumar og songtekstane av Shakeel Badayuni. Filmen er òg kjend for kinematografi av V. K. Murthy og songane «Na Jao Saiyaan Chhuda Ke Baiyan» og «Piya Aiso Jiya Mein», begge sungne av Geeta Dutt.

Filmen vann fire Filmfare-prisar, inkludert beste kvinnelege skodespelar. Filmen blei nominert til ein gullbjørnpris på den 13. internasjonale filmfestivalen i Berlin, der Kumari var vald som delegat. Filmane blei vald som India sitt offisielle bidrag til Oscar-prisen.

Meena Kumari 
Kumari med Ashok Kumar. Dei spelte saman i 17 filmar.
  • 1962: Aarti, regissert av Phani Majumdar, hadde Kumari i tittelrolla med Ashok Kumar, Pradeep Kumar og Shashikala i andre viktige roller. Kumari vann prisen for bestekvinnelege skodespelar frå Bengal Film Journalists' Association. Main Chup Rahungi, regissert av A. Bhimsingh med Kumari og Sunil Dutt i hovudrollene, var ein av dei største filmsuksessane dette året, og Kumari blei nominverttil Filmfare-prisen for beste kvinnelege skodespelar for innsatsen sin .
  • 1963: Dil Ek Mandir, regissert av C. V. Sridhar og med Kumari, Rajendra Kumar, Raaj Kumar og Mehmood i hovudrollene, gjorde kommersiell suksess. Akeli Mat Jaiyo, regissert av Nandlal Jaswantlal, er ein romantisk komedie med Kumari og Rajendra Kumar. Kinare Kinare var regissert av Chetan Anand med Kumari, Dev Anand og Chetan Anand i hovudrollene.
  • 1964: Sanjh Aur Savera er eit romantisk drama regissert av Hrishikesh Mukherjee med Kumari, Guru Dutt og Mehmood. Benazir er ein muslimsk samfunnfilm regissert av S. Khalil, med Kumari, Ashok Kumar, Shashi Kapoor og Tanuja i rollene. Chitralekha, regissert av Kidar Sharma og med Kumari, Ashok Kumar og Pradeep Kumar i rollene byggjer på hindiromanen av same namn frå 1934 av Bhagwati Charan Verma. Gazal med Kumari og Sunil Dutt i hovudrollene er ein annan muslimsk samfunnfilm om retten til unge til å velja kven dei skal gifta seg med. Main Bhi Ladki Hoon regissert av A. C. Tirulokchandar hadde Kumari i lag med nykomaren Dharmendra i hovudrollene.
  • 1965: Kaajal regissert av Ram Maheshwari, hadde Kumari, Dharmendra, Raaj Kumar, Padmini, Helen, Mehmood og Mumtaz i hovudrollene. Filmen var ein av dei 20. største kassasuksessane i 1965. Kumari vann den gjerde Filmfare-prisen sin for rollaifilmen. Han bygde opphavleg på romanen Maadhavi av Gulshan Nanda. Bheegi Raat, regissert av Kalidas, med Kumari, Ashok Kumar og Pradeep Kumar i hovudrollene, var ein av dei største suksessane dette året. Purnima, regissert av Narendra Suri, hadde Kumari og Dharmendra i hovudrollene.
  • 1966: Phool Aur Patthar, regissert av O.P. Ralhan, hadde Kumari og Dharmendra i hovudrollene. Filmen blei ein golden jubilee-hit som gav Dharmendra stjernestatus og var den mest inntenande filmen det året. Kumari blei nominert til ein ny Filmfare-pris. Pinjre Ke Panchhi, regissert av Salil Choudhury, hadde Kumari, Balraj Sahni og Mehmood i hovudrollene.
  • 1967: Majhli Didi, regissert av Hrishikesh Mukherjee, hadde Kumari og Dharmendra i hovudrollene. Filmen blei India sitt bidrag til Oscarpisen for beste framandspråklege film. Bahu Begum blei regissert av M. Sadiq med Kumari, Pradeep Kumar og Ashok Kumar i rollene. Filmmusikken var skriven av Roshan med songtekstar av Sahir Ludhianvi. Noor Jehan, regissert av Mohammed Sadiq, er ein historisk film med Kumari og Pradeep Kumar i hovudrollene, og Helen og Johnny Walker i mindre roller. Filmen dramatiserte den episke kjærleikssoga til Nur Jehan og ektemannen hennar, stormogulen Jehangir. Chandan Ka Palna med Kumari og Dharmendra var regissert av Ismail Memon. After the Eclipse, ein fargedokumentar regissert av S. Sukhdev og filma kring Varanasi, har stemma til Kumari i lag med den til Shashi Kapoor.
  • 1968: Spenningsfilmen Baharon Ki Manzil, regissert av Yakub Hassan Rizvi, hadde Kumari, Dharmendra, Rehman og Farida Jalal i rollene. Filmen blei ein av dei store hittane det året. Abhilasha var regissert av Amit Bose med Kumari, Sanjay Khan og Nanda i rollene.

Dei siste åra

Ved byrjinga av 1970-talet endra Kumari fokuset sitt til meir «skodespelorienterte» eller karakterroller.

  • 1970: Jawab blei regissert av Ramanna med Kumari, Jeetendra, Leena Chandavarkar og Ashok Kumar i hovedrollen. Saat Phere blei regissert av Sundar Dhar med Kumari, Pradeep Kumar og Mukri i sentrale roller.
  • 1971: Meir Apne, som var skriven og regissert av Gulzar, var den fyrste filmen hans. Filmen hadde Kumari, Vinod Khanna og Shatrughan Sinha i hovudrollene, i lag med Deven Verma, Paintal, Asit Sen, Asrani, Danny Denzongpa, Keshto Mukherjee, A. K. Hangal, Dinesh Thakur, Mehmood og Yogeeta Bali. I Dushman, regissert av Dulal Guha, spelte Kumari, Rehman og Rajesh Khanna og Mumtaz i leiande roller. Filmen blei ein stor kassasuksess.
  • 1972: Gomti Ke Kinare blei regissert av Saawan Kumar Tak, som gjorde regissørdebuten sin med denne. Kumari, Sanjay Khan og Mumtaz hadde hovudrollene. Gomti Ke Kinare blei sloppen 22. november 1972, etter at Kumari var død.

Fullføringa av Pakeezah (1956-72)

Meena Kumari 
Kumari under filminga av Pakeezah i 1958.

Ideen om Pakeezah byrja i 1954, då Kamal Amrohi ville laga ein film vigd kona si, Meena Kumari. Sjølv om produksjonen hadde mange hindringar, som separasjonen til ekteparet i 1964 og Kumari sin alkoholisme, var ho fast bestemt på å fullføra filmen. Trass i at helsa hennar fort var blitt dårleg, gjennomførte ho filminga.

Pakeezah hadde premiere 3. februar 1972 ved kinoen Maratha Mandir i sentrum av Bombay. Filmane blei borne dit i ein pynta berestol. Filmen blei så sleppt offisielt, og blei vist i 33 veker. Kumari fekk sin tolvte, posthume Filmfare-nominasjon for filmen. Bengal Film Journalists' Association Awards gav Pakeezah ein Special Award til Meena Kumari i 1973.

Karriere som playback-songar

Kumari verka òg som playback-songar, det vil seia at ho song inn musikk til filmar. Ho song som barneartist for filmar som Bahen fram til 1945. Som vaksen song ho for filmar som Duniya Ek Sarai (1946), Piya Ghar Aaja (1948), Bichade Balam (1948) og Pinjre Ke Panchhi (1966). Ho spelte òg inn ein song for Pakeezah (1972), men songen blei ikkje brukt i filmen. Han blei seinare gitt ut på albumet Pakeezah-Rang Ba Rang (1977).

Diktar

Meena Kumari 
Kumari i Chandni Chowk (1954)

Meena Kumari skreiv urdu-dikt under pseudonymet Naaz. Philip Bounds og Daisy Hasan skreiv om poesien til Kumari: «Poesi var mediet Kumari nytta til å distansera seg frå den offentlege figuren sin og kritisera bransjen som hadde ført henne til offentleg merksemd i fyrste omgang. I den forstanden fortel dikta hennar oss like mykje om Bollywood som dei gjer om henne sjølv.»

  • I write, I recite, eit album av dikta til Kumari, blei gjeven ut i 1971, til musikk av Mohammed Zahur Khayyam. Dikta på album (nazm) var skrivne, resiterte og sungne av diktaren sjølv.
  • Tanha Chand (Lonely Moon), ei samling av dikta til Kumari, blei samla av Gulzar og gjevne ut posthumt, i 1972.
  • Meena Kumari, the Poet: A Life Beyond Cinema inneheld dikt og nazm av Kumari, og kom ut i 2014.

Privatliv

Ekteskap med Kamal Amrohi

Meena Kumari 
Kamal Amrohi på 1950-talet.

Kamal Amrohi møtte Kumari i 1938, medan han leita etter ein barneskodespelar til filmen Jailor. Fleire år seinare, på settet til Tamasha, introduserte Ashok Kumar han for Kumari, og seinare tilbaud han henne ei hovudrolle i filmen sin Anarkali. Kontrakten blei underskriven 13. mars 1951, men 21. mai 1951 var Kumari involvert i ei bilulukke medan ho reiste tilbake frå Mahabaleshwar til Bombay. Ho blei innlagd på Sassoon Hospital i Poona etter å ha fått ein skade i venstre hand, og Amrohi vitja henne jamleg.

Sjukehustilhøvet deira varte ved i fire månader. Ulukka gav Kumari eit band på venstre litlefing resten av livet. Ho dekka venstrehanda med ein dupatta eller saritøy under filming. Filmen Anarkali blei til slutt skrinlagd. 14. februar 1952 gifta Kumari og Amrohi seg i løyndomi ein enkel niqah-seremoni i nærvær av ein qadi og den yngste systera til Kumari, Mahliqa (Madhu). Etter seremonien skilte dei lag ei tid. Amrohi drog til Sion, medan Kumari og Madhu vende heim. Bryllaupet blei halde hemmeleg for familien og media, sjølv om Amrohi var gift og hadde tre barn med den tidlegare kona si. Etter fleire månader blei nyheita om ekteskapet kjend, og Ali Bux tilrådde skilsmisse. Kumari heldt fast på ekteskapet, men blei verande i heimen til faren. I mellomtida planla Amrohi ein film som heiter Daaera i 1953, og valde Kumari, som no var kona hans, til hovudrolla. Ho bad faren om løyve, utan å få det, men drog likevel til mannen sin i Sion.

Som ektemann tillét Amrohi kona å halda fram som skodespelar, men berre på visse vilkår. Ho gjekk med på det, men med tida braut ho dei stadig. Abrar Alvi, regissøren av Sahib Bibi Aur Ghulam, har fortalt korleis Amrohi hadde ein hjelpar og spion, Baqar Ali, til stades til og med i sminkerommet når Kumari var der.

Meena Kumari 
Meena Kumari i Kanjeevaram-sari i 1955.

Ifølgje biografen hennar Vinod Mehta blei Kumari utsett for fysisk misbruk i ekteskapet. Han har sagt at sjølv om Amrohi fleire gonger nekta for slike påstandar, fekk han høyra frå seks ulike kjelder at ho leid. Nargis delte opplevingar som viste det same. Samlivet enda under byrjinga av filminga til Pinjre Ke Panchhi, der Baqar Ali slo til Kumari for å ha tillate ein mannleg skodespelar å koma inn i sminkerommet sitt. Ho ringde straks til Amrohi og bad han koma, men i staden insisterte han på at ho skulle koma heim. I raseri drog Kumari til systera Madhu sin heim, og vende aldri tilbake til Amrohi.

Helseproblem og død

Kumari leid av kronisk søvnløyse. Etter råd frå legen drakk ho eit lite glas brennevin for å få sova. Dette utvikla seg til tung bruk av alkohol, særleg etter at ho skilde seg frå mannen i 1964. Etter dette var Kumari knytt til Gulzar, Dharmendra og Sawan Kumar Tak.

I 1968 blei Kumari diagnostisert med skrumplever. Ho var under behandling i London og Sveits i juni 1968.

Deretter vende Kumari tilbake til India i september 1968 og byrja arbeida att. Ho kom seg ei tid, men var likevel skrøpeleg. Etter å ha kome tilbake frå London kjøpte Kumari sin eigen heim for fyrste gong, i elleve etasje av ein bygning som heiter Landmark ved Carter Road i Bandra i Bombay.

Meena Kumari 
Grava til Meena Kumari

Tre veker etter at Pakeezah blei sloppen, blei Kumari alvorleg sjuk. 28. mars 1972 blei ho lagt inn på St Elizabeths Nursing Home.

Ho gjekk i koma to dagar seinare, og døydde kort tid etter, den 31. mars 1972. Ho var 38 år gamal. Årsaken til døden hennar blei fastsett som skrumplever. Etter ønsket til mannen hennar blei ho gravlagd ved Rehmatabad-gravlunden i Narialwadi i Mazagaon i Bombay. Kumari bad om denne teksten på gravsteinen sin: «Ho enda livet med ei broten fele, med ein broten song, med eit brote hjarte, men ikkje ein einaste anger». Etter at han døydde i 1993 blei mannen hennar gravlagd ved sida hennar etter eige ønske.

Biografiar

  • Ein av dei fyrste biografiane til Kumari blei skriven like etter at ho døydde av Vinod Mehta i oktober 1972 under tittelen Meena Kumari: The Classic Biography. Biografen blei gjeven ut att i 2013.
  • Simply Scandalous av Mohan Deep var ein uoffisiell biografi som kom ut i 1998. Han blei gjeven ut i serieform i den hindispråklege avisa Dopahar Ka Saamna i Mumbai.
  • Ein annan biografi om Kumari, Aakhri Adhai Din, blei skriven på hindi av Madhup Sharma. Boka blei gjeven ut i 2006.

Filmdøme

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Meena Kumari BakgrunnMeena Kumari Fødsel og barndomMeena Kumari KarriereMeena Kumari PrivatlivMeena Kumari BiografiarMeena Kumari FilmdømeMeena Kumari KjelderMeena Kumari BakgrunnsstoffMeena Kumari1. august1933197231. marsHindifilmIndisk filmSkrumplever

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

WehrmachtBokmålPetter NorthugKirkenærVendlandMouzákiFascismeTeltStord kommuneSjangerSpedbarnMuscatSylvi ListhaugReligionskrigPeriferieininga SporadaneJerpeTonsillHellasAdministrativ inndeling i HellasØrland kommuneProduksjonKrag-Jørgensen-rifleNaturHarald EiaElektrisk kraftLemmingValdresDomingos CastroDet indiske kastesystemetSkiáthosSyndikalismeGrodagenVegard UlvangHarry HoleTidvatnPýliSunnmøreYuan-dynastietOksygenGrunnstoffet tinnWayback MachineDen islamske statenKirkeristenBM-21OmanbuktaKommuneKirunaBizkaiaMaiUkrainaJordskorpeplateAlexander KiellandStrategispelSauGuvernement i OmanSilvia av SverigeDet franske koloniriketBererakettIsaac NewtonRusslandKaptein SabeltannAndPeriferieininga KardítsaStorbritanniaStatsreligionHans Majestet Kongens GardeRaimbaut d'OrangeNynorsk WikipediaArabiskArian EngebøKolDamplokomotivVólosBlåbær🡆 More