Eit mausoleum er eit monumentalt gravmæle reist over ein eller fleire avdøde.
Ordet kjem frå Mausoleion, eit veldig gravmæle reist til minne om den persiske satrapen Mausolos av enkja hans Artemisia, kjend som eitt av dei sju underverka i Antikken.
Gjennom tidene har mausoleum særleg vore reist for herskarar og slektningane deira, som pyramidane i Egypt, Taj Mahal frå Mogul-India, Anıtkabir i Tyrkia eller Kumsusan-palasset i Nord-Korea. Etterkvart byrja også høgtståande personar, som adel og rikfolk, reisa mindre mausoleum for seg sjølv. Kulturpersonlegdommar kan også ærast med særskilde mausoleum, som Panthéon i Paris.
I mausoleum kan leivningane av avdøde ligge i sarkofagar, under golvet eller i nisjar i veggane, eller det kan vere urner som er sett inn i eit columbarium.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Mausoleum, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.