Maulid an nabi (koransk arabisk مَوْلِدُ آلنَبِيِّ, mawlidu n-nabiyyi), ofte berre kalla maulid, er ei muslimsk høgtid til minne om fødselsdagen til profeten Muhammed.
Dagen fell i rabi' al-awwal, den tredje månaden i den muslimske kalenderen, i følgje sunnimuslimar på den 12. og sjiamuslimar på den 17., som òg er fødselsdagen til den sjette sjiaimamen Jafar as-Sadiq.
Maulid blir feira i dei fleste muslimske land, der han er offentleg høgtidsdag og ein pyntar heimar og moskéar. Mange stader blir det halde opptog, ein fortel eller les dikt om livet til Mohammed, og det er vanleg å dela ut mat og almisser. I Pakistan heiser ein flagget ved alle offentlege bygg og fyrer av saluttar i hovudstaden og provinshovudstadane. Dagen er mindre feira i Saudi-Arabia og er ikkje ein fridag.
Gregoriansk år | 12. rabi'-ul-awwal (sunni) | 17. rabi'-ul-awwal (sjia) |
---|---|---|
2008* | 20. mars | 25. mars |
2009 | 9. mars | 14. mars |
2010 | 26. februar | 3. mars |
2011 | 15. februar | 20. februar |
2012 | 4. februar | 9. februar |
2013 | 24. januar | 29. januar |
* Fastsett dato. Alle andre datoar er tilnærma, fordi den faktiske byrjinga på månaden er avhengig av den observerte månefasen. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Maulid an nabi, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.