Islamabad

Islamabad (urdu اسلام آباد, 'islam-byen' eller 'fredsbyen') er hovudstaden i Pakistan, oppretta i 1961.

Han ligg i hovudstatsterritoriet Islamabad ved foten av Margalafjella, nær Rawalpindi. Sør for byen ligg ei slette som elva Kaurang skjer gjennom.

Islamabad
urdu اسلام آباد
Horisonten til Islamabad
Horisonten til Islamabad
Styresmakter
Land
Pakistan
Grunnlagd 1961
Geografi
Flatevidd 906 km²
Flatevidd
 - By

906 km²
Innbyggjarar
 - By (1998)
 - Byområde
 - Storbyområde

805 000
524 500
799 000
Koordinatar 33°40′N 73°10′E / 33.667°N 73.167°E / 33.667; 73.167
Høgd over havet 490 m
Tidssone UTC+05:00, UTC+06:00, Pakistantid (UTC)
Diverse anna
Telefon-retningsnummer 051
Heimeside: http://www.islamabad.gov.pk

Historie

Opphavleg låg den pakistanske hovudstaden i hamnebyen Karachi i Sindh, men i 1958 bestemte presidenten i Pakistan, Ayub Khan, at han skulle flyttast. Ein komité valde ein stad 14 km nordaust for Rawalpindi i Punjab. Bygginga av byen tok til i 1961 og dei første folka flytta dit to år seinare.

Gatenettet i Islamabad blei laga av den greske byplanleggaren Konstantínos Doxiádes, medan den modernistiske arkitekten Edward Durell Stone frå USA og den italienske formgjevaren Gio Ponti også sette preg på byen.

Geografi

Islamabad 
Satellittbilde av Islamabad og Rawalpindi, med Faisalmoskeen og den diplomatiske sona avmerkt. (Kjelde: NASA)
Islamabad 
Alléar og parkar preger bybildet i Islamabad.
Foto: Yasir Abbasi

Islamabad ber preg av å vera ein planlagd by, slik som til dømes Dodoma i Tanzania og Brasilia i Brasil, som også er nybygde hovudstader lagt tilnærma midt i landet. Hovudstaden er delt inn i åtte soner, kvart tileigna eit eige felt: Administrasjon, bustader, diplomatiet, handel, industri, utdanning, i tillegg til eit grønt belte og ein nasjonalpark. Byen er prega av grøntområde, låge hus og ei rekke prangande bustader for dei rike og mektige. Mange pakistanarar frå mellom- og underklassen har ikkje råd til å bu i byen, men bur eit godt stykke unna, i nabobyen Rawalpindi, eller i telt i nokre av grøntområda.,

Fleire monumentalbygg prøver å sameina muslimsk tradisjon med det moderne, som i den digre og modernistisk utforma Faisalmoskeen, eller i skyskraparen Saudi-Pak Tower, som er dekorert med blå fliser i muslimsk tradisjon. Andre viktige bygg er Quaid-i-Azam-universitetet, høgsterettsbygningen og presidentbustaden Aiwan-e-Sadr.

Klima

Byen ligg ved kanten av Pothohar-platået, sør for Margalla-fjella. Han har varme somrar med temperaturar på opptil 45 °C i juni, og kalde vintrar med minimumstemperaturar ned i -4 °C i januar. Han får monsunregn i juli og august, og kan få noko sludd og snø om vinteren.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Islamabad  Commons har multimedium som gjeld: Islamabad
Islamabad  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Islamabad HistorieIslamabad GeografiIslamabad KlimaIslamabad Sjå ògIslamabad KjelderIslamabad BakgrunnsstoffIslamabad1961FredIslamPakistanRawalpindiUrdu

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Marianne Sivertsen NæssHjortVM i skiskyting 1999EiffeltårnetBrigitHellasTeineMarcus & MartinusLilletveitLa LigaRafaelTenaza PeakDaniel RadcliffeBelgiaSamisk språkhistorieOs kommune i HordalandØrnØresundbruaLønnNorske kommuneblomarAnimismeArne Kjell LarsenRoger KjendalenStorbritanniaSymbol i hinduismenDen sørlege vasslangenKongsberg IdrettsforeningBroccoliniBrad PittVättern1900-taletSkypeNazistAskCoca-ColaTherese BjørneboeHydrogencyanidBobby BareTwitterSilkehegreSkjør astmaNord-AmerikaJonas Gahr StøreDen amerikanske sjølvstenderesolusjonenVinter-OL 1988EstlandVoss heradHar Sedom1300-taletFlåklypa Grand PrixDet britiske riksvåpenet1200Innsjøar i SverigeEuropiumLufttrykkBeltanePesahTankbilSola kommuneHurtigrutaFilmen EllingAndRombeTyrkiaAfghanistanColombiaGitarforsterkarParasittologiJerusalemFrits ThaulowMatematikarElbaSergej SjojguPakistanPlantar🡆 More