Lockerbie-saka var ein terroraksjon som ramma Pan Am-rute 103 frå London til New York i 1988.
Flyet vart sprengt i lufta over Lockerbie i Skottland, og drap alle passasjerane og 11 innbyggjarar i Lockerbie. Styresmaktene i Libya er blitt skulde for å stå bak åtaket, og libyaren Al-Megrahi vart dømd for det i 2001.
Lockerbie-åtaket fann stad ved 19-tida onsdag 21. desember 1988. Flyet vart sprengt i lufta over den skotske småbyen Lockerbie. Alle dei 259 menneska om bord i flyet vart drepne. I tillegg mista elleve personar på bakken livet då restane av flyet fall ned over Lockerbie.
I november 1991 vart Abdel Baset Ali Mohammed Al-Megrahi og Al Amin Khalifa Fhimah frå Libya skulda for å stå bak bombeåtaket. Al-Megrahi vart dømd til livsvarig fengsel i 2001. Fhimah vart frikjend.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Lockerbie-saka, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.