Kringkasting er ei sams nemning for utsending av av informasjon ved hjelp av radiosignal til mange mottakarar.
Døme på kringkasting er:
Ordet «kringkasting» kjem av engelsk «broadcasting». Fram til godt ut i 1920-åra vart den engelske nemninga mykje nytta. Etter kvart kom spørsmålet opp om kva broadcasting skulle heita på norsk. Avisa Aftenposten sitt radiobilag, Radio-Nyt, utlyste ei namnekonkurranse ved juletider 1922. Fleire hundre kreative framlegg kom inn. Mellom framlegga kan nemnast «braadkasting», «vidkasting», «rundkasting», «kringmelding», «kringljoming», «radiofon», «rundtelefonering» og «allemannslyd». Aftenposten valde «rundtelefonering» som det beste framlegget. Etter kvart kom trass i dette «kringkasting» meir og meir i bruk. Telegrafdirektør Niels Nickelsen (1871-1956) er rekna som mannen bak ordet, og det vart nytta innan Telegrafverket.
Dei siste åra har nye tenester for distrubusjon av lyd og bilete dukka opp. Desse spinn ut frå internett.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kringkasting, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.