Radiosendar, òg kjend under omgrepet transmitter (gjennom-sendar, formidlar) er ei elektronisk innretning som sender eit elektromagnetisk signal som formidlar innhald i form av radio, television, eller telekommunikasjon.
Døme på radiosendarar er WLAN-sendar i berbar PC, mobil basestasjon, sendaren i ein mobiltelefon, eller store installasjonar som radisendarane på Tryvann i Oslo.
Dei første radiosendarane var gnistsendarar, oppfunne og patentert av Nikola Tesla. Gnistsendarane kunne berre brukast for telegrafi, og dei beslagla så store frekvensområde at dei vart forbodne. Dei vart etterfølgde av røyrsendarar som kan modulerast med lydar og andre signal. Røyrsendarar og transistor består av ein oscillator som er ein forsterkar med positiv tilbakekopling slik at han oscillerer, og eit frekvensbestemmande ledd som kan vera ein krystall. Oscillatoren vert gjerne etterfølgd av eitt eller fleire forsterkartrinn. Det siste trinnet vert kopla til antenna. Amplitudemodulering kan skje i det siste trinnet. Frekvensmodulering kan skje i oscillatoren.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Radiosendar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.