Tulane University

Tulane University er eit privat universitet i New Orleans i den amerikanske delstaten Louisiana.

Det vart grunnlagt som offentleg, medisinsk universitet i 1834, og er det einaste i USA som har vorte privatisert. Tulane er med i Association of American Universities og er rekna som del av «Sørstats-Ivy League».

Tulane University
Tulane University
Grunnlagt1834
StadNew Orleans
Studentar13 927 (september 2020), 13 447 (1. september 2021)
Tilsette4 000
MedlemskapAssociation of Research Libraries, ORCID, Center for Research Libraries
Nettstadhttps://tulane.edu/ (engelsk)

Soge

Tulane University 
Newcomb Art Department i 1904.

Universitetet blei grunnlagd som Medical College of Louisiana i 1834, delvis for å motverka trugsmål frå sjukdommar som koppar, kolera og gulfeber i USA. Det var den andre medisinske utdanningsinstitusjonen i Sørstatane, og den 15. i USA. I 1847 blei institusjonen omdanna til eit offentleg universitet, The University of Louisiana, med eit juridisk fakultet i tillegg. Det blei utvida med fleire akademiske utdanningsfelt for menn i 1851.

Universitetet var stengd frå 1861 til 1865, under den amerikanske borgarkrigen. På grunn av depresjonen i det sørlege landbruket etter krigen hadde det store økonomiske problem etter gjenopninga. Næringslivsmannen Paul Tulane donerte store landområde til universitetet. Det blei også etablert eit fond, Tulane Educational Fund. I 1884 overførte delstatsregjeringa i Louisiana ansvaret for universitet til styret, og det blei privatisert som Tulane University of Louisiana. I 1886 førte ein større donasjon frå Josephine Louise Newcomb til oppretting av eit college for kvinner, H. Sophie Newcomb Memorial College, det første parallelle kvinneuniversitetet i USA. I 1894 blei det etablert eit teknologifakultet, seinare School of Engineering, og universitetet flytta til St. Charles Avenue i Uptown New Orleans, der det ligg i dag.

Tulane University 
Moderne Health Sciences Center i 2006.

Fagfelt og studentar

Universitetet har i dag fakultet innan medisin, tropemedisin, jus, økonomi, arkitektur, informasjonsteknologi, ingeniørfag og humanistiske fag. Undervisinga blir gjeve opp til doktorgradsnivå.

Ved lærestaden var det i 2006 10 606 studentar og 1 319 vitskapleg tilsette. Dette året var skulepengane US$ 34 896 for studentar folkeregistrert i USA.

Kjende tidlegare studentar omfattar yahoogründeren David Filo, politikaren Newt Gingrich og TV-verten Jerry Springer.

Kjelder

    Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Tulane University  Commons har multimedium som gjeld: Tulane University

Tags:

Tulane University SogeTulane University Fagfelt og studentarTulane University KjelderTulane University BakgrunnsstoffTulane University1834LouisianaNew OrleansSørstataneUSA

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Øyvind AlsakerWaitangitraktatenUbehaget i kulturenRomersk kamilleResettEnkeltbekkasinTransportør27-årsklubbenPolygamiMåltidTidsskriftet ForbesGoogleVladimir PutinDen franske revolusjonenSlapsFader vårPakistanTrepunktsopphengHildegun RiiseBokmålFirehundreårsnattaDen siste istidaVictoria av StorbritanniaApeThor HeyerdahlAfrikaStavanger kommuneBanefartNæringslivHallingdansMargrethe II av DanmarkBrennverdiKelly ClarksonOppdrag SognefjordenIráklia i SérresArne DokkenSilvestre y La Naranja1900-taletMusvåkHeinoJamstellingsvedtaketMekkaFreddie MercuryAbrasivNasjonalplantarSkognLinerleBlåDanskNord-SulawesiKvalsundskipetCarl I. HagenKjerringNorske fylkeskommuneslagordLofotenWayback MachineKon-Tiki-ekspedisjonenÅlesundWienerklassisismenDet Bergenske DampskibsselskabSymbol i hinduismenVinkelfartJonas Gahr StøreLene Westgaard-HalleDet norske flaggetTeknologiGoogle MapsIngvild KjerkolPeruAlver kommuneHauge i DalaneParlamentarisme18. april🡆 More