Konstans Av Romarriket

Konstans (Flavius Julius Constans Augustus; fødd ca.

323, død 350) var romersk keisar frå 337 til 350. Han delte Romarriket saman med dei to brørne sine, og fekk sjølv tildelt den midterste delen, Italia og omland. Sidan blei han angripen av den eldre broren Konstantin II frå Gallia, men overvann han og overtok hans tredjedel av riket. Konstans blei stadig meir upopulær, grunna både det personlege livet sitt og at han føretrekte barbarar i livvakta si. Dette førte til at leiande offiserar i hæren gjorde opprør, og desse klarte under leiing av general Magnentius å drepa han i 350. Han var den 62. keisaren av Romarriket.

Konstans av Romarriket
Konstans Av Romarriket
Romersk keisar
Regjeringstid337-350
Fødd320
FødestadItalia
Død18. januar 350
DødsstadElne
GravstadMausoleum of Centcelles
Gift medOlympias of Armenia
Dynastidet konstantinske dynastiet
FarKonstantin den store
MorFausta

Liv og virke

Bakgrunn

Konstans var den tredje og yngste sonen til Konstantin den store og den andre kona hans Fausta. Konstans blei utdanna ved hoffet til faren i Konstantinopel under oppsyn av diktaren Aemilius Magnus Arborius. Han blei trulova med Olympias, dottera til prefekten av pretorianargarden, Ablabius, men ekteskapet blei aldri inngått.

Då Konstantin den store døydde i 337 braut det ut blodig strid blant arvingane hans, ettersom det ikkje fanst noka klar arvefølgje etter keisaren. Han hadde tre søner og ein nevø som alle hadde tittelen cæsar, vanlegvis ein tittel gjeven til arvingen av trona. Då blodbadet stilna hadde dei tre sønene, den 21 år gamle Konstantin II, den 17 år gamle Konstantius II og den 14 år gamle Konstans, kome fram til ei form for forståing. Ein fem år gammal fetter som ikkje utgjorde ein trussel, Julianus, var også att. Dei tre sønene blei alle erklært keisar, augustus, den 9. september 337. Romarriket blei delt opp mellom dei i tre like delar, eller prefektur. Konstantin II tok prefekturet Gallia, Konstans tok prefekturet Italia (inkludert Roma og Nord-Afrika), og Konstantius II tok prefekturet i aust, som inkluderte ein del av Afrika. Kort tid seinare blei den unge Konstans nøydd til å ta seg av ein invasjon av sarmatarar i slutten av 337, og han vann ein solid siger over dei.

Som keisar

Konstans Av Romarriket 
Den formelle fordelinga av Romarriket mellom sønene til Konstantin den store. Området i gult var styrt av Dalmatius, og etter at han var drepen blei det mellomliggande området fordelt mellom Konstans og Konstantius II.

Først var Konstantin II verje for Konstans. Den opphavlege avtalen hadde gjeve Konstans den midtre delen av Romarriket. Han var ikkje nøgd med denne delinga, og brørne møttest i Viminacium i Moesia (dagens Serbia) i 338 for å sjå på grensene. Konstans greidde å forhandla seg fram til utvida sitt område ved at grensene blei sett ved Illyricum og Trakia. Dette var område som opphavleg meint å styrast av fetteren deira Dalmatius, slik far deira hadde føreslått delinga etter sin død. Konstantin II klaga snart på at han ikkje hadde motteke den mengda territorium som burde koma til den eldste sonen.

Forbitra over at Konstans hadde fått Trakia og Makedonia etter Dalmatius, sette Konstantin II fram eit krav om at Konstans skulle overgje dei afrikanske provinsane til han. Konstans gjekk med på dette for å oppretthalda den skrøpelege freden mellom brørne. Snart kom det til usemje om kva for delar av dei afrikanske provinsane som tilhøyrde Kartago, og såleis til Konstantin II. Dette førte til aukande uro og spenning mellom brørne. Ei anna årsak var Konstans formelt var blitt vaksen og myndig, men Konstantin II nekta å gje frå seg stillinga som verje. I 340 invaderte Konstantin II Italia. Konstans, som på denne tida var i Dacia, fekk sendt av stad ei utvald hæravdeling av disiplinerte illyriske soldatar med lovnad om at han ville følgja etter i eigen person med resten av hærstyrkane sine. Konstantin II blei lurt inn i eit bakhald ved Aquileia og drepen i kampane. Deretter tokKonstans over alle områda han hadde styrt; Hispania, Britannia og Gallia.

Konstans byrja styret på energisk vis. I 341-342 leia han ein suksessfull krig mot frankarar, og i dei første månadene av 343 vitja han Britannia. Kjelda for dette besøket, Julius Firmicus Maternus, har ikkje oppgjeve in grunn til det, men den raske forflyttinga og risikoen det innebar å kryssa Den engelske kanalen midtvinters tyder på at det var av ein naudsynt militær grunn, som å slå ned åtak frå piktarar frå Caledonia.

Religion

I religiøse spørsmål var Konstans tolerant i høve til jødar og jødedomen, men kunngjorde eit edikt som bannlyste heidenske ofringar. Han undertrykket donatistane i Nord-Afrika, ei sosial kristen sekt som andre kristne mislikte. Han støtta òg den nikenske truvedkjenninga mot arianismen. Bror hans Konstantius II i aust var derimot tilhengar av Arius og arianismen. Konstans vurderte seg som overhovudet til kyrkja, slik òg far hans hadde oppfatta seg, og innkalla til kyrkjemøtet i Sardica (Sofia) i 343 for å få avgjort denne konflikten mellom kristne ein gong for alle. Dette verka ikkje, og han innkalla til eit nytt slikt møte i 346 . Dei to brørne gjekk til slutt til krig over spørsmålet mellom nikensk ortodoksi og arianismen. Konflikten blei berre løyst ved ein mellombels avtale som tillét kvar av keisarane til å støtta sitt føretrekte presteskap innanfor sine eigne område.

Homofili

Den romerske historikaren Eutropius hevdar at Konstans «hengav seg til store laster» i referanse til homofili. Aurelius Victor hevdar at han hadde eit rykte på seg for skandaløs åtferd med «kjekke barbariske gislar». Uansett sanninga i desse nedsettande påstandane, kom Konstans til å støtta ei avgjerd saman med Konstantius II som slo fast at ekteskap basert på «unaturleg samliv» skulle straffast grundig. Historikaren John Boswell meiner at denne avgjerda berre forbaud homofile ekteskap og ikkje all homofil aktivitet. Det er likevel truleg slik at Konstans vedtok loven under press frå ei veksande gruppe kristne leiarar i eit forsøk på å blidgjera folk som var provoserte av det dei oppfatta som den usømmelege åtferda hans.<

Død

I dei siste åra av keisartida si utvikla Konstans eit rykte for å vera grusam og drive eit vanstyre. Han var dominert av favorittanesine og føretrekte ope dei utvalde livvaktene sine, og mista støtte i hæren. I 350 erklærte generalen hans Magnentius seg sjølv som keisar ved Augustodunum (i dagens Bourgogne i Frankrike) med støtte frå troppane langs grensa av Rhinen, og seinare i dei vestlege provinsane av riket. Konstans var i nærleiken då han fekk vita om Magnentius sitt forræderi. Ettersom han mangla støtte utover det umiddelbare keisarlege hushaldet, var han nøydd til å flykta for livet. Medan han anten freista å koma seg over til Spania eller Italia, klarte tilhengjarar av Magnentius å omringa han i ei festning i Vicus Helena (dagens Elne) i Pyreneane i sørvestlege Gallia. Han blei drepen medan han freista å søkja tilflukt i eit tempel.

Kjelder

    Fotnotar

Litteratur

    Primærkjelder
    Sekundærkjelder
  • DiMaio, Michael; Frakes, Robert (1998): «Constans I (337–350 A.D.)» i: De Imperatoribus Romanis
  • Jones, A.H.M.; Martindale, J.R. (1971): The Prosopography of the Later Roman Empire, Vol. I: AD260-395, Cambridge University Press,
  • Canduci, Alexander (2010): Triumph & Tragedy: The Rise and Fall of Rome's Immortal Emperors, Pier 9, ISBN 978-1-74196-598-8
  • Gibbon. Edward (1776–89): The History of the Decline and Fall of the Roman Empire

Tags:

Konstans Av Romarriket Liv og virkeKonstans Av Romarriket KjelderKonstans Av Romarriket323350BarbarGalliaItaliaKonstantin II av RomarriketMagnentiusRomersk keisar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

EngelskKrag-Jørgensen-rifleStrategispelIndonesiaVisentLAtle HansenJerpeSpaniaBoge i arkitekturenRusslandTilsynelatande storleiksklasseFranz LisztNazistDamplokomotivMøre og Romsdal fylkeForbundsrepublikkHarald V av NoregNazismeKoparFlorøVladimir PutinHelena BrodtkorbWayback MachineLofotenEmma WatsonWattensListe over primtalVestlandet27-årsklubbenTsjasiv JarBo WiderbergDen kalde krigenMolde kommuneKristoffer ColumbusMouzákiRio de JaneiroNorrøntVesle GaldhøpiggenIvar Lo-JohanssonHappy HumanInternasjonalenBizkaiaFuerteventuraHarry PotterNyttårJamstellingsvedtaketPhobos i gresk mytologi157Administrativ inndeling i HellasKlima i ArgentinaEbba HultkvistTonsillGoogleKrigMoskvaEllen DeGeneresXboxInkarikets fallVerktøyet filEuropaTyrkiaStorbritanniaMuscat guvernementForelskingJan MayenEtanCarl XVI Gustaf av SverigeAtenIngvild KjerkolDet britiske riksvåpenetMidsommarMarianegropaSymbol i hinduismenAustraliaCarl Philip av Sverige🡆 More