Konkubinat er eit eldre namn på utanomekteskapleg samliv mellom to personar av motsett kjønn.
Denne samlivsforma var straffbar i Noreg fram til 1972. På 50-talet vart det gjort forsøk på å oppheva lovføresegna, men Stortinget avviste dette. Føresegna var likevel sovande dei siste tiåra fram til ho vart oppheva.
Konkubinat har vore utbreidd i ei rekkje gamle kulturar. I Noreg var det både i vikingtida og den kristne mellomalderen vanleg at kongar og stormenn hadde friller. Før revolusjonen i Kina i 1949 heldt mange framståande personar seg med konkubiner i tillegg til kona si/konene sine.
Konkubinat i moderne tid har gjerne preg av ekteskapsliknande samliv og skil seg dermed mindre frå det formaliserte ekteskapet enn det som tidlegare vart lagt i omgrepet konkubinat.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Konkubinat, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.