Konkani er eit indoarisk språk som blir tala i og rundt Goa i India.
Det er nært i slekt med marathi. Det er offisielt språk i Goa og mindretalsspråk i Karnataka og Kerala. Det har offisiell status i India.
Konkani | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Indoiransk Indoariske Sørleg sone Konkani-språk Konkani | |
Bruk | ||
Tala i | India | |
Konkanitalande i alt | 7 500 000 | |
Skriftsystem | Devanagari (offisielt), det latinske alfabetet, kannadaskrift, malayalamskrift, arabisk skrift | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | kok | |
ISO 639-3 | kok – konkani (generisk)knn – konkani (spesifikk)gom – goanesisk konkani |
Språket kan skrivast med devanagariskrift, latinske bokstavar, persisk (arabisk) skrift, kannadaskrift eller malayalamskrift. Kva ein bruker kjem ofte an på religiøs eller kulturell tilknyting, slik at hinduar gjerne bruker devanagari, kristne latinske og muslimar arabiske bokstavar. Konkanitlaande i kannada- eller malayalamtalande område kan derimot bruka den lokale skrifta til å skriva språket sitt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Konkani, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.