Karen Anne Carpenter (2.
mars">2. mars 1950–4. februar 1983) var ein USA-amerikansk songar og trommeslagar. Ho og broren, Richard, danna i 1970-åra duoen the Carpenters. Ho spelte både trommer og song i duoen. Stemma hennar var ein kontraalt.
Karen Carpenter | |||
Karen Carpenter, tidleg i 1970-åra | |||
Fødd | 2. mars 1950 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New Haven i Connecticut | ||
Død | 4. februar 1983 (32 år) | ||
Dødsstad | Downey i California | ||
Fødenamn | Karen Anne Carpenter | ||
Opphav | Downey, California | ||
Aktiv | 1965–1983 | ||
Sjanger | Pop, softrock | ||
Instrument | vokal, trommer, perkusjon | ||
Kjende instrument | Ludwig-trommer | ||
Stemmetype | alt | ||
Tilknytte artistar | The Carpenters, Richard Carpenter | ||
Plateselskap | A&M | ||
Verka som | Musikar, songar | ||
Mor | Agnes Reuwer Tatum | ||
Far | Harold Bertram Carpenter |
The Carpenters fekke i rekkje hittar i 1970-åra, som «(They Long to Be) Close to You», «We've Only Just Begun», «Rainy Days and Mondays» og «Yesterday Once More». Carpenter spelte inn eitt soloalbum seint i 1970-åra, men det vart ikkje gjeven ut då. Ho spelte inn albumet i ein pause frå The Carpenters, men gjekk attende til duoen, og dei fekk ein siste hit i USA, «Touch Me When We're Dancing» i 1981, før ho døydde på tragisk vis. Carpenter leid av anoreksi, ei spiseforstyrring som var lite kjend på den tida. Ho døydde berre 32 år gammal i februar 1983 av hjartesvikt på grunn av sjukdommen hennar. Dødsfallet hennar førte til auka merksemd omkring spiseforstyrringar.
Soloalbumet hennar, kalla Karen Carpenter, kom omsider ut hausten 1996.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Karen Carpenter, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.