Kielkanalen (tysk Nord-Ostsee-Kanal) er ein skipskanal som bind saman Austersjøen ved Kiel med Elben ved Brunsbüttel i Ditmarsken.
Med 34 879 skipspassasjerar (2012) er han verdas mest trafikkerte kanal.
Kielkanalen | |||
Slusene ved Brunsbüttel | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Del av | Austersjøen | ||
Lengd | 98 km | ||
Type | kanal | ||
Kielkanalen 53°53′00″N 9°08′00″E / 53.883333333333°N 9.1333333333333°E | |||
| |||
| |||
Wiki Commons: Kiel Canal | |||
Kanalen gjev ei enklare rute mellom Austersjøen og Nordsjøen, eit fartøy sparer 280 nautiske mil (519 kilometer) sammenlikna med å runda Jylland. I dag har kanalen ei fri seglingshøgd på 40 meter og tillèt skip med breidder på opptil 32,5 meter og djupner på 9,5 meter.
Kanalen blei laga for å erstatta Eiderkanalen, som ikkje hadde kapasitet til å handtera den stadig aukende dampskiptrafikken. Arbeidet byrja i 1887 under regjeringa til keisar Vilhelm I, og blei innvigd 21. juni 1895 av sonesonen hans, Vilhelm II. Kanalen var opphavleg 67 meter brei og 9 meter djup, men i perioden 1907–1914 bleu han utvida til 102 meters breidd og 11 meters djupne.
Fram til 1948 blei kanalen kalla Kaiser-Wilhelm-Kanal, men etter andre verdskrigen fekk han det meir nøytrale namnet «Nord-Ostsee-Kanal», forkorta NOK av tysk sjøfart. På andre språk bruker ein ofte namnet «Kielkanalen» etter hamna i den nord-austlege enden av kanalen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kielkanalen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.