Got no time for the corner boys Down in the street making all that noiseDon't want no whores on 8th Avenue'Cause tonight I want to be with you
«Jersey Girl» av Tom Waits |
«Jersey Girl» er ein song skriven og spelt inn av Tom Waits på albumet hans Heartattack and Vine i 1980.
Jersey Girl er ein roleg kjærleiksballade Tom Waits skreiv til kona si, Kathleen Brennan, som kom frå New Jersey. Mest gjenkjenneleg er kanskje refrenget med «shalala»-synging. Om dette har Tom Waits sagt: «Eg trudde aldri eg nokon gong skulle synge shalala i songane mine. Dette er første erfaringa mi med shalala»
Jersey Girl er ein av dei mest kjende songane til Tom Waits, særleg etter at Bruce Springsteen byrja å spele songen på konsertane sine utover 1980-talet, og til og med skreiv eit ekstra vers til han. Sidan songen i tillegg kan høyrast ut som ein song som Springsteen kunne ha skrive sjølv, er det mange som trur at det er ein original Springsteen-song.
Jersey Girl har òg vorte spelt inn av Jon Bon Jovi.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jersey Girl, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.