Jack Berntsen

Joakim Jan Aril (Jack) Berntsen (14.

oktober">14. oktober 19405. oktober 2010) var ein norsk filolog og visesongar, kjend for ei rekke utgjevingar og visebøker.

Jack Berntsen
Fødd14. oktober 1940
FødestadKjøpsvik
Død5. oktober 2010 (69 år)
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somlingvist, songar, låtskrivar, filolog
PrisarBlixprisen, Nordland fylkes kulturpris, Prøysenprisen

Bakgrunn

Jack berntsen var fødd i Kjøpsvik i Tysfjord kommune og voks opp i Tverråsen i Skilvassbakk på Hamarøy. Ha var tidleg aktiv i dansebandmiljøet. Han vart utdanna cand.mag. i filologi ved Universitetet i Oslo (1963-68), og arbeidde seinare som adjunkt ved Svolvær vidaregåande skole.

Musikk

I 1968 etablerte Berntsen «Viseklubben Lovisa» i Svolvær, og i 1973 musikkfestivalen Troilltampen.

Berntsen vart kjend gjennom debutplata Kor e hammaren Edvard? (EP, 1974) med tekst frå Jahn-Arill Skogholt si opphavlege Bygdevise. Deretter kom Med hammar og høtt (1976), Det e håp i hænganes snøre (1978), Ongan i Lofoten (1981), I ly av Lofotveggen (1984), Lille Bolla Bølla og andre boller (1986), Badestrandsballade (EP, 1986), Bussjåfør (EP, 1986), Nordover (1990), The best of J.B.; med røde rose (1996) og Det gode liv (1999).

Berntsen gav ut visebøkene Det e lys lenger frem (Nordnorsk Forfatterlag, 1976), Sol bakom skyan (Oktober forlag, 1979/87), Ongan i Lofoten (Oktober forlag, 1981), Lille Bolla Bølla (S-forlaget, 1986) og Sanga i søkk og kav (Samlaget, 1995). Han bidrog også til teatermanuset Jacks eventyrverden for Hålogaland Teater (2003), er representert i fleire antologiar som Circum Polaris (1997), og Band tel ei bygd (2004). Han laga barneprogram for NRK TV (Da TV'n gikk i stykker 1985; Under Lofotveggen 1995), og låten «Vi sei NEI NEI NEI« i samband med EU-avrøystinga i 1994.

I 2007 blei Jack Berntsen tildelt statens stipend for eldre fortente kunstnarar som ei påskjønning for mangeårig og verdifull innsats.

Berntsen døydde i Svolvær i 2010.

Visegruppa Lovisa

  • Jack Berntsen – vokalist, gitar
  • Bjørghild Rønningen – vokalist
  • Kai Larsen – bass, vokal
  • Jan Danielsen – trekkspill
  • Britt Olsen Talmo – vokalist
  • Geir Fredriksen – vokal, gitar
  • Hilde Hamnes – vokal, gitar
  • Turid Ringstad – vokalist

Prisar

Diskografi

  • Med hammar og høtt (1976)
  • Det e håp i hænganes snøre (1978)
  • Ongan i Lofoten (1982)
  • I ly av Lofotveggen (1984)
  • Lille Bolla Bølla og andre boller (1986)
  • Nordover (1990)
  • Med røde roser – The Best of Jack Berntsen (1996)
  • Vi veit ka vi har/Kor e hammaren, Edvard?(2003)

Litteratur

  • Frank A. Jenssen, Prøysenprisen til Jack Berntsen, Nordnorsk Magasin, nr. 7/8, 1985.
  • Sissel Henriksen, Lystens trubadur: Jack Berntsen er 50 år, Nordnorsk Magasin, nr. 6/7, 1990
  • Sverre H. Eriksen, Nord-Norges trubadur i tekst og bilder (Kolofon, 2005).

Bakgrunnsstoff

Tags:

Jack Berntsen BakgrunnJack Berntsen MusikkJack Berntsen Visegruppa LovisaJack Berntsen PrisarJack Berntsen DiskografiJack Berntsen LitteraturJack Berntsen BakgrunnsstoffJack Berntsen14. oktober194020105. oktoberFilologVisesong

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Stian AasenProfessor emeritusDet norske flaggetDet første krosstogetTuonelaCoca-ColaSpesifikk varmekapasitetGeostasjonær baneJan MayenFolkestyreFlåten til Det Bergenske DampskibsselskabCupheadSjøkrepsKognitivismeNasjonaldyrWayback MachineDamplokomotivPetter NorthugHellas i antikkenRoger KjendalenImplisitt og eksplisitt funksjonKjerringa med stavenFylkesveg 751Petter DassSagaen om IsfolketHar SedomDet norske alfabetetAfrikaHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorHovudsideMikke MusSoltidOppland fylkeCelsiusByar i HellasIltalehtiGeitØrland kommuneSørøya i FinnmarkArian EngebøDen muslimske verdaPave Johannes Paul IHarriet BackerGoogleKorrespondentCarl LarssonKrøllalfaPetter SalstenSigmund FreudCarl Philip av SverigeKråkebolleRSSHarry HoleJonas Gahr StøreStord kommuneLofotenHurtigrutaLavaHavørnSunndalsøraMount EverestEritreaAndre verdskrigenHomofiliNazistAkslaLímni PlastíraBjørnElon MuskMusculus latissimus dorsiGustav ValsvikKrøllparentes24. aprilIndia🡆 More