Hålogaland Teater

Hålogaland Teater er eit regionteater for Nord-Noreg.

Teateret vart etablert i 1971 som det første regionteateret i Noreg og det første profesjonelle teateret i Nord-Noreg. Det starta verksemda si 15. august 1971.

Hålogaland Teater
Nybygg til Hålogaland teater.
Foto: Harald Groven, 2006

Læraren, forfattaren og kulturpersonlegdomen Lars Berg kjempa heile livet sitt for eit nordnorsk teater. Nordnorsk mål på nordnorsk scene var Lars Bergs kongstanke – det skulle vise seg at pionergruppa som tok fatt på oppgåva i 1971 ikkje slo igjennom hos det nordnorske publikumet før dei tok nordnorsk dialekt i bruk på scena. Sida har nordnorsk prega alle teateret framsyningane sine fram til i dag.

Opphavleg hadde ein teateroppsettingar i heile Nord-Noreg, men etter starten av Nordland Teater fokuserer teateret hovudsakleg på oppsettingar i Troms og Finnmark. Hovudsetet ligg i Tromsø, der Hålogaland Teater tok i bruk sitt eige teaterbygg den 4. november 2005. Teateret hadde per 21. februar 2006 over 50 tilsette.

Teatersjefar

  • 1971-1985: Kollektiv leiing, styrt gjennom allmøte
  • 1986-1989: Bernhard Ramstad
  • 1989-1990: Svenn B. Syrin og Arvid Esperø
  • 1990-1992: Arvid Esperø og John Sigurd Kristensen
  • 1992-1996: John Sigurd Kristensen
  • 1997-2000: Haukur J. Gunnarsson
  • 2001-2008: Nils Johnson
  • 2009-2012: Iren Reppen
  • 2013- : Nina Wester

Kjelder

Omsett frå Wikipedia på bokmål 29.10.07

Bakgrunnsstoff

Tags:

Nord-Noreg

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

AnalgetikaSkotringIP-adresseBrasilSenterpartietHøgnorskKjempepetrellarSymbol i hinduismenMitoseRagnhild BrochmannNM i fotball for mennShaka SamvatTyskHærfuglChalkosittStorfuglDet nederlandske koloniriketErik AndersenÅse KlevelandEM i friidrett 1969Benjamin FranklinMilanoEaglesAlaskaDet russiske alfabetetInternasjonal telefonkodeSportsjournalistenes statuettKrøllparentesBouvetøyaRimMonogami1750PalestinaBergen kommuneSilkehegreBulgariaPlácido DomingoPelle og Pysa PiratKyprosFoúrniVefsnmålTettstader i RogalandBarraliEinar FørdeBelgiaFinlandEli Skolmen RygVillsauStorsnøstjerneOperasjon WeserübungSanta Claus av Paul McCarthySinnataggenKamferTromsø kommunePaparoa nasjonalparkIddisAusterrikeNM i roing 1987FotballKeratsíni-DrapetsónaKonjakkCoconut GroveStorbritanniaNorsk ytre språkhistorieDøgeniktOperasjonaliseringInternational Standard Book NumberEdvard VII av StorbritanniaBodøKjønnscelleGIF🡆 More