Islamisme

Islamisme er ein politisk ideologi som baserer seg på ei yttarleggåande tolking av islam.

Kjernen i islamismen er at islam blir sett på som eit politisk system der ei streng tolking av sjaria (islamsk religiøs lov) utgjer ryggraden i rettssystemet. Retninga kom til som ein reaksjon mot forsøk på muslimske reformer frå 1800- og 1900-talet, og avviser vestleg tankegods. Muslimar som har utvikla og spreidd islamisme er mellom andre Jamal al-Din al-Afghani, Abul Ala Maududi, Sayyid Qutb og Ayatollah Khomeini.

Islamisme
Demonstrasjon på Maldivane i 2014

Omgrepet er diffust, og blir brukt om ei rekke ulike rørsler og grupper som strekkjer seg frå fredelege politiske parti som Rettferds- og utviklingspartiet i Tyrkia og Muslimsk brorskap i Egypt, som prøver å oppnå makt gjennom å delta i val, til grupper som nyttar både politiske og valdelege verkemiddel, som Hizbollah i Libanon, til radikale terroristrørsler som al-Qaida og Egyptisk islamistisk jihad, som støtter åtak på sivile og erklærer andre muslimar som takfir, 'fråfalne'.

Sjå òg

Tags:

Ayatollah KhomeiniIslamSayyid QutbSjariaVesten

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

DødsstraffBodø kommuneOsloMaiSvanesjøenDen gamle verdaLike-til-likePåhengsmotorKristian IV av Danmark-NoregAkslaAnatomiske retningsskildringarJordskorpeplateTrekanthandelDet amerikanske flaggetMånenProfessor emeritusKolC++StrilamålMengdJemenLavaGaukSystem of a DownMiljøproblemAluminiumAndre pinsedagMicrosoft WindowsOzzy OsbourneNasjonaldagFrozenBuskerud fylkeGoiásKevlarMeteoraJonas Gahr StøreHappy HumanNasjonaldyrAstrid LindgrenKommunevåpen i NoregSigmund FreudGeorg RiedelJordbruksrevolusjonenFreddie MercuryØrsta kommuneEdderkoppar i kulturenSpedbarnKardítsaRådyrIvar AasenAdministrativ inndeling i HellasMusculus latissimus dorsiKelvinGustav ValsvikLufttrykkVisentOrganistHundAudrey HorneSamvirkelagGesimsOseanografiRagnhild BrochmannApeLondonUTCStatsreligionTrabzonAlmyrósTallerkenKathakali🡆 More