«Im Wartesaal zum großen Glück» (tysk for I venterommet til den store gleda) var eit av dei to vesttyske bidraga i Eurovision Song Contest 1956, framført på tysk av Walter Andreas Schwarz.
«Im Wartesaal zum großen Glück» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 1956 | |||||
Land | Vest-Tyskland | ||||
Artist(ar) | Walter Andreas Schwarz | ||||
Språk | Tysk | ||||
Komponist(ar) | Walter Andreas Schwarz | ||||
Låtskrivar(ar) | Walter Andreas Schwarz | ||||
Resultat | |||||
Finalepoeng | N/A1 | ||||
Finaleplass | N/A1 | ||||
Vest-Tyskland i Eurovision Song Contest | |||||
|
«Im Wartesaal zum großen Glück», framført av Walter Andreas Schwarz, vann Deutsche Vorentscheidung zum Eurovision Song Contest 1956, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1956, saman med «So geht das jede Nacht» av Freddy Quinn. Dei to bidraga fekk dimed representere Vest-Tyskland i den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest.
Songen starta som nummer fire i finalen, etter Belgia med «Messieurs les noyés de la Seine» av Fud Leclerc og før Frankrike med «Le temps perdu» av Mathé Altéry. Ein veit ikkje kva for plass bidraget enda på av di det ikkje vart gjeve nokre poeng og berre vinnaren vart offentleggjord.
Mal:Tyske songar i Eurovision Song Contest
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Im Wartesaal zum großen Glück, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.