Hans Vogt (1.
juni">1. juni 1903–25. september 1986) var ein språkforskar frå Fredrikstad. Han vart professor i romansk språkvitskap ved Universitetet i Oslo frå 1946, i allmenn språkvitskap frå 1963 og rektor ved same universitet frå 1964 til 1969.
Hans Vogt | |||
Fødd | 1. juni 1903 Fredrikstad | ||
---|---|---|---|
Død | 25. september 1986 Oslo | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | lingvist | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Ektefelle | Jo Vogt | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Det Norske Akademi for Språk og Litteratur |
Vogt er ein av Noregs mest kjende språkforskarar, spesielt kjend er han for arbeida sine om kaukasiske språk. Grammatikkken hans over georgisk frå 1971 er framleis ein av standardgrammatikkane over georgisk. I lag med Knut Bergsland skreiv han ein sentral artikkel som i praksis falsifiserte glottokronologi som språkvitskapleg teori.
I 1945 skreiv Vogt den første innføringsboka i språkvitskap til bruk for nye studentar, den vart dessverre lite brukt, i og med at Alf Sommerfelt] to år etter skreiv ei tilsvarande bok. I 1948 tok Vogt initiativet til å ta opp att verksemda i Norsk forening for sprogvidenskap, som hadde lege nede sidan slutten av 1920-talet.
Vogt deltok også i den norske språkstriden, som riksmålsmann og medlem av Det Norske Akademi. Han var formann for Vogt-komitéen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hans Vogt, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.