Hans Krankl, eigenleg Johann Krankl (fødd 14.
februar">14. februar 1953) er ein austerriksk tidlegare fotballspelar frå Wien. Midtspissen er best kjend for sine år i Rapid Wien og FC Barcelona. Etter han la fotballskoa på hylla, arbeidde Krankl i vel 20 år frå 1987 som fotballtrenar for klubbar i Austerrike og Tyskland. Han var landslagssjef i Austerrike frå 2002 til 2005.
Hans Krankl | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 14. februar 1953 (71 år) Wien |
Idrett | fotball |
Tok del i | |
Utmerkingar | Romy, Fortjenstmedalje for innsats for forbundsstaten Wien i sølv, ærestegn i sølv av Ærestegnet for fortjenester |
Etter spel på lågare nivå for Wiener AC, spelte Krankl frå 1972 på toppserielaget Rapid Wien. Sommaren 1978 vart han overført til FC Barcelona der han skåra 29 seriemål på 30 kampar i sin fyrste sesong på det spanske laget. Han skåra det fjerde målet då Barcelona vann finalen i cupvinnarcupen 1979 med 4-3 mot Fortuna Düsseldorf. Utpå hausten 1979 mista han plassen i fyrstelaget og vart send til First Vienna i heimlandet. Han prøvde seg i FC Barcelona att hausten 1980, men flytta allereie i desember same året heim til Rapid Wien. Her var Krankl med å vinne to seriemeisterskap og tre rake cuppokalar. I 1985 skåra han då Rapid møtte engelske Everton FC i finalen i cupvinnarcupen, ein kamp Everton vann 3-1. Frå 1986 var Krankl spelande trenar i Wiener SC i eit par år.
Krankl spelte 69 landskampar i tida 1973-85 og fann nettmauskane 34 gongar i dei kampane. Han deltok i VM i fotball 1978 og skåra fire mål i turneringa, to av dei då han i mellomspelet vart matchvinnar mot Vest-Tyskland, til lita nytte. Under VM i fotball 1982 skåra han eitt mål.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hans Krankl, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.