Hans Holmboe (8.
oktober">8. oktober 1798–23. mai 1868) var ein norsk skulemann og politikar. Han var rektor ved Bergen Katedralskule, og stortingsrepresentant i perioden 1833-1864. Holmboe er spesielt kjent for sitt samarbeid med Henrik Wergeland mot den sokalla jødeparagrafen i den norske grunnlova. Som tingmann høyrde Holmboe fyrst til opposisjonen, men inntok litt etter litt eit meir moderat standpunkt og vart i si siste tid rekna som ei av regjeringa sine mest trufaste støttarar.Som medlem og formann i Stortinget sin kyrkjekommisjon hadde han stor innflytelse på det norske skulevesenet. Han gav ut fleire småskrifter og ei mengd avisartiklar om pedagogiske spørsmål.
Hans Holmboe | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. oktober 1798 |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Far | Jens Holmboe |
Hans Holmboe på Commons |
Holmboe vart blind i 1850, men vart likevel oppmoda om å halde fram i stillinga som rektor ved skulen. Som tilsett ved skulen underviste Holmboe mellom anna den norske pedagogen og skribenten Nordahl Rolfsen, som har skrive ein tekst Arkivert 2007-09-26 ved Wayback Machine. om Holmboe sine siste dagar som rektor.
Holmboe vart fødd i Ervik på Trondenes i Troms i 1798, og var son av Jens Holmboe og Anna Margrethe Irgens. Han gifta seg med Welgjerd Endriette Løberg den 24. desember 1825.
Hans Holmboe døydde 23. mai på Sande i Vestfold, 69 år gammal. Han har i ettertid fått Hans Holmboes gate på Nygårdshøgda i Bergen oppkalla etter seg.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hans Holmboe, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.