Handverk er ei fellesnemning på produksjonsmetodar der ein hovudsakleg nyttar hendene og eventuelt enkle verktøy for å forme eller lage eit objekt.
Handverk kan og nyttast som nemning på sjølve vara eller produktet som vert produsert for hand. Ein som har handverk som yrke blir kalla handverkar.
Handverk vert gjerne nytta som motsats til industriell produksjon. Innan handverk vert produkta gjerne laga til eitt for eitt, medan industriell produksjon er særkjenna av masseproduksjon. Før den industrielle revolusjonen var handverk den vanlege produksjonsmetoda. Om handverket har eit kunstpreg vert det tale om kunsthandverk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Handverk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.