Gudinna Kali

Kali (devanagari काली, bengali কালী) eller Kalika (bengali কালিকা) er ei hinduisk gudinne som vert assosiert med evig energi.

Som andre gudinner er ho den livgjevande Mora, men ho er også opphav til død og øydelegging. Kali tyder då også «den svarte». Ho vert dessutan rekna som gudinne for tid og endring, og nokre tilbed henne også som den endelege røynda.

Gudinna Kali
Gudinna Kali på ein plakat frå 1940-åra.

Ho er kjend så langt tilbake som om lag 600-talet, og er framleis svært populær, spesielt i Bengal. Kali er representert som hustrua til Sjiva, og på bilete står ho ofte oppå han. Ho vert elles ofte framstilt naken, smykka med avhogde hovud, i vill dans på slagmarka eller likbrenningsplassen. Sjølv med den fryktelege forma ho har, er Kali gjenstand for ekstatisk kjærleik (bhakti) frå tilbedarane, og ei rik hymnediktning, særleg på bengali, lovprisar henne. I kulten vert ho tilbedd i eigne tempel der ho får blodige offer, spesielt geiter. Kali vert gjerne identifisert med Durga, og er den fremste av dei ti mahavidjaene i den hinduiske tantrismen.

Kjelder

Tags:

BengaliDevanagariDeviGudinneHinduismen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Maria Gamborg HelbekkmoTrondheim kommuneFrankrikeKalebassTamreinÆInternasjonal telefonkodeMikal KirkholtAn-MagrittPiknikkorgFranz LisztLuciano PavarottiRaudstrupeFrits ThaulowAmalie SkramMediaWikiElon MuskWattensSpedbarnAdolf HitlerIvar Lo-JohanssonPalingenesePlácido DomingoHerr Jesu Christ, wahr' Mensch und GottJordaArne Kjell LarsenBlandingErnst JosephsonTysklandJean-Claude JunckerDu må ikke soveTilsynelatande storleiksklasseSunnmøreTenaza PeakHenry LawsonErik AndersenDet norske flagget27-årsklubbenJohan BojerHelena BrodtkorbFreddie MercuryDet første krosstogetJonsokInkarikets fallStilarkFreaks of Nature av KansasTegan and SaraApePannemerke i hinduismenNangijalaSamleieMekkaNicolette LarsonMesonGonzález IslandEduardo Francisco de Silva NetoPilt-OlaPeter Wessel TordenskjoldSilvevFridomSjangerNord-KoreaApatosaurusCaramelloHerman WildenveyBuddhisttempelForbundsrepublikkSirkelReirDie WelleHellasTidslinje over norsk historieKarriEspen Barth EideStein EriksenCC Amfi🡆 More