Bengali eller bangla (বাংলা [bāŋlā]) er eit indoarisk språk som hovudsakleg vert tala i Bangladesh og i dei indiske delstatane Vest-Bengal og Tripura. Det har utvikla seg frå sanskrit, pali og prakrit.

Bengali
বাংলা, bangla, bangala, bangla-bhasa
Klassifisering:indoeuropeisk
 indoiransk
  indoarisk
   apabhransa avahatta
    bengali
Bruk
Tala i:Bangladesh, India og nokre andre land
Bengalitalande i alt:207 millionar
Rangering:4
Skriftsystem:Bengali
Offisiell status
Offisielt språk i:Bangladesh og dei indiske statane Vest-Bengal og Tripura
Språkkodar
ISO 639-1:bn
ISO 639-2:ben
ISO 639-3:ben

Idioma bengalí.png


Del av eit dikt skrive av Rabindranath Tagore på bengali og engelsk.

Bengali vert skrive med eit eige alfabet, bengaliskrift, som er i slekt med devanagari (hindiskrift). Tidlegare brukte ein også prachalit nepal (nepaliskrift) til å skriva språket.

Utbreiing

Ved folketeljinga i Bangladesh i 2001 hadde 110 millionar bengalis som førstespråk medan 250 millionar beherska språket. Ethnologue oppgjev at språket har 193 263 700 i alle land.

I tillegg til Bangladesh finst det mange bengalitalande i India, Nepal, Singapore, Dei sameinte arabiske emirata, Saudi-Arabia, Malawi, Storbritannia, USA og Canada.

Skildring

Bengali er eit SOV-språk og eit tonespråk. Det har tre genus, hannkjønn, hokjønn og inkjekjønn.

Språket har 35 konsonant- og 5 vokalfonem.

Politikk

Bengali har høg status blant talarane sine, og har ei viktig politisk stilling i Bangladesh. Retten til å bruka språket var ein viktig kampsak i hendingane som førte fram til at Aust-Pakistan lausreiv seg frå Vest-Pakistan og blei landet Bangladesh. Språkrørsledagen blir feira kvart år til minne om bengalarar som døydde for språket sitt.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

  Wikibengali


  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

This article uses material from the Wikipedia article Bengali, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.